Hopp til innhald

Fagstoff

Pedagogisk-psykologisk teneste

Pedagogisk-psykologisk teneste, ofte forkorta PPT eller PP-tenesta, er ei kommunal eller fylkeskommunal rådgivande teneste som skal hjelpe barn, ungdom eller vaksne som har vanskar med å lære, eller barn og unge som har ein vanskeleg oppvekstsituasjon.
bildet viser barn som sitter å jobber med et spill - i gruppe
Opne bilete i eit nytt vindauge

PP-tenesta

  • gir pedagogiske og psykologiske råd til dei som jobbar i skulen, slik at dei kan leggje til rette og gjennomføre god undervisning for dei elevane som har spesielle vanskar og behov.
  • testar og kartlegg eleven sine sterke og svake sider. Deretter skriv dei ei sakkunnig vurdering (ein rapport), der dei tilrår kva tilretteleggingstiltak og opplæringstilbod eleven bør få. Når ein elev ikkje har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa, krev opplæringsloven (kapittel 5) at PPT gjer nødvendige utgreiingar og skriv ei sakkunnig vurdering før skulen kan fatte vedtak og setje i verk spesialundervisning.
  • kan tilvise vidare til andre instansar dei gongene det er behov for meir kompetanse og andre spesialistar i ei sak. Døme på instansar som kan gjere ei grundigare utgreiing av vanskane til eleven, er Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), habiliteringstenesta og andre av dei mange kompetansesentera i landet med spesialkompetanse på språkvanskar, åtferdsvanskar, autisme og så vidare.
  • gir også støtte og rettleiing i direkte kontakt med barn, ungdom og føresette. Det kan vere om vanskelege forhold på skulen eller i heimen, eller om meir private saker som opptek eleven. PP-tenesta kan også vere ein rådgivar i samarbeid med barnevernet.
    På skulen rettleier PP-tjenesta lærarane om eleven sine vanskar og behov, og dei jobbar også saman med lærarane for å skape gode og trygge lærings- og klassemiljø.
  • har fagpersonar med høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Ein som er tilsett i PP-tenesta, kan vere utdanna psykolog, pedagog, spesialpedagog, sosionom, logoped, synspedagog og psykiater.

Utfordringar til deg

  1. Kva er PPT eller PP-tenesta?
  2. Korleis er PP-tenesta organisert i kommunen din?
  3. Korleis er PP-tenesta organisert på skulen din?
  4. Kva kan du som barne- og ungdomsarbeidar bruke PPT til?
  5. Kven jobbar i PP-tenesta?
  6. Kven kan nytte seg av den hjelpa som PPT kan gi?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Merete Walleraune, Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Tverrfagleg samarbeid