Hopp til innhald

Fagstoff

Samarbeid om helsa til barn og unge

Tverrfagleg samarbeid er viktig for å ta hand om helsa til barn og unge. Det er viktig at alle på arbeidsplassen samarbeider til det beste for barna, og den viktigaste samarbeidsparten er foreldra til barnet. Det er også andre som er viktige for eit tverrfagleg samarbeid når barn treng oppfølging.
Ordsky om ulike yrker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fagpersonar

Helsesjukepleiar (tidl.helsesøster)

Helsesjukepleiar jobbar med helsefremmande og førebyggjande arbeid for barn og unge og familiane deira. Du møter helsesjukepleiar mellom anna på helsestasjonane, helsestasjon for ungdom og som helsesjukepleiar ved skulen.

Lege

Hovudarbeidsområdet til legen er å diagnostisere og behandle pasientar. Vanlegvis er det foreldra som tek barna til legen, men i enkelte samanhengar kan legen bli ein samarbeidspartnar for barnehagen eller skulen. Det kan vere dersom de akutt må ta eit barn til lege, eller om det er spesielle sjukdommar som de må få orientering om.

Psykolog

Ein psykolog jobbar med åtferda til menneske for å betre livskvaliteten til deira. Ein del barn og unge går til psykolog, og av og til er det naturleg å ha samtalar med barnet, psykologen og dei som jobbar i skulen.

Sosionom

Ein sosionom jobbar med menneske i vanskelege og varierte livssituasjonar, og den viktigaste arbeidsoppgåva er å hjelpe menneske med å finne løysingar som kan betre livskvaliteten til kvar enkelt.

Ergoterapeut

Ein ergoterapeut legg til rette for menneske som av ulike grunnar har vanskar med å utføre daglege aktivitetar, eller som står i fare for å få det. Ergoterapeuten bruker aktivitetar i direkte behandling og opptrening, eller indirekte ved å leggje til rette for gjeremål, ved å tilpasse omgivnadene og ved å bruke tekniske hjelpemiddel. (Kjelde: Utdanning.no)

Miljøarbeider

Miljøarbeidarar har ofte ulike instruksar alt etter kor dei jobbar. Du vil truleg samarbeide med miljøarbeidaren dersom du jobbar med ungdommar.

Fysioterapeut

Alle kommunar skal ha fysioterapeut. Fysioterapeuten kan vere ein aktuell samarbeidspartnar når det gjeld råd og rettleiing. Fysioterapi handlar om rørslene og funksjonane til kroppen i eit helseperspektiv, og fysioterapeuten arbeider både førebyggjande, helsefremmande og behandlande.

Lenkjer til dei ulike yrkå frå utdanning.no

Helsesjukepleiar

Lege

Psykolog

Sosionom

Ergoterapeut

Miljøarbeider

Fysioterapeut

Aktuelle samarbeidspartnarar

  • Pedagogisk psykologisk teneste (PPT), som skal hjelpe barn, unge og vaksne med problem i opplæringssituasjonen. PPT kan teste barn, hjelpe til slik at barna får ei tilrettelagd opplæring, vere bindeleddet mellom ulike instansar og utarbeide sakkyndige rapportar når det er krav om det. Menneske med ulik bakgrunn kan jobbe i PPT: Det kan vere spesialpedagogar, logopedar og andre med utdanning innan pedagogisk psykologisk rådgiving. PPT hjelper også barnehagar med å planleggje og gjennomføre spesialpedagogiske tiltak. Les meir om PPT under relatert fagstoff.
  • Barne- og ungdomspsykiatri (BUP). Hjelper barn frå 0–17 år og foreldra deira med å finne løysingar på psykiske problem, lærevanskar og åtferdsvanskar. I nokre tilfelle er det aktuelt å gå inn i eit samarbeid med skulen eller barnehagen og BUP.
  • Helsestasjonen. Alle kommunar er pålagde å ha helsestasjon, og helsesjukepleiar skal leie helsestasjonen. I tillegg til éi eller fleire helsesjukepleiarer har helsestasjonane også ein lege som jobbar der éin eller fleire dagar. Ofte har dei også éi eller fleire jordmødrer knytte til helsestasjonen.
  • Oppfølgingstenesta (OT) gir rettleiing og hjelp til ungdom mellom 16 og 20 år som ikkje har, og som treng hjelp til å skaffe seg skuleplass, læreplass eller arbeid. OT samarbeider med NAV.

Utfordringar til deg

Gå saman i grupper på to og to. De kan bruke Internett, bøker eller intervju til å finne svar på dei følgjande spørsmåla:

  • Korleis fungerar samarbeidet om barn og unges helse, og korleis er dette organisert i kommunen eller bydelen du bur i?
  • Kva kompetanse har dei som jobbar der?
  • Kva kan dei gjere for barn og unge?
  • Korleis er det naturleg for barne- og ungdomsarbeidaren å samarbeide med den aktuelle samarbeidsparten?
CC BY-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019

Læringsressursar

Tverrfagleg samarbeid