Det skal lagast ulike typar informasjonsmateriell for juniorklubben, og Kristin og dei andre tilsette deltek aktivt.
Informasjonsmateriellet skal vise kva juniorklubben er, kva dei jobbar med, kva opningstider klubben har, kvifor det er fint å vere med i juniorklubben, og så vidare.
Dei skal lage
- plakatar til å hengje på skular, butikkar og liknande
- faldarar eller ark til å ta med heim til foreldre
- ein film til å vise på kino
- ein liten annonse til avisa
- ei heimeside for juniorklubben
Tenk deg at du er Kristin, vel kva du vil lage.
Lag skisser som de diskuterer, før de gjer dei ferdige.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2019