Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førebyggjande arbeid i ungdomsklubben

Som ein del av det førebyggjande arbeidet ungdomsklubben gjer, har dei invitert to gutar som har blitt skadde i trafikken. Målet er å få ungdommane til å ta bevisste val når dei ferdast i trafikken. Filmen viser delar av foredraget. Sjå filmen!
  • Korleis kan Stian førebu seg til eit slikt besøk?
  • Lag ein plakat som fortel kva som skal skje i ungdomsklubben denne kvelden. Legg vekt på å motivere ungdom til å komme.
  • Diskuter korleis eit slikt foredrag kan bidra til at ungdommane tek ansvar for tryggleiken når dei ferdast i trafikken.
  • Kva betyr det å ta bevisste val i trafikken?
  • Lag ein plan som viser kva etterarbeid ungdomsklubben skal gjere knytt til dette besøket.

Relatert innhald

Barn og unge i alle aldrar blir utsette for trafikkulykker, og aldersgruppa 15–19 år er mest utsett. Utfallet av ei trafikkulykke kan vere alt frå eit skrubbsår til skadar med døden til følgje.

CC BY-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Ungdomsklubben som arbeidsplass