Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skal alle delta på juleverkstaden?

Det er juleverkstad ein fredag i desember, og barna er plasserte i ulike grupper for å lage julepynt og julegodteri. Muhammed vil ikkje vere med på det.
bord der det jobbes med å lage julepynt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Læraren til Muhammed har hatt ein samtale med foreldra hans, der dei oppfordrar han til å delta på slike aktivitetar så lenge det ikkje er bibellesing eller religiøse handlingar, som til dømes bønn. Dei meiner det er viktig at Muhammed deltek saman med dei andre barna.

Muhammed veit at foreldra ønskjer at han skal delta, men sjølv vil han slett ikkje vere med. Han skal vere på gruppa til Thea, men nektar å komme inn i klasserommet.

  • Kva bør Thea gjere?
    Lag gjerne eit rollespel.
  • Er det viktig at Muhammed deltek på denne aktiviteten? Grunngi svaret.
  • Kva kan årsakene vere til at han ikkje ønskjer å delta?
    Nemn så mange moglege årsaker som du kan komme på.
  • Kva skal han gjere i desse timane dersom han slepp å delta?
  • Når avgjer foreldra kva han skal delta på, og når bør han få avgjere det sjølv?
  • Kim heng seg på og vil heller ikkje delta i aktiviteten. Kva skal Thea gjere no?

Relatert innhald

Brukarmedverknad er lovbestemt og sentralt i oppvekst-, helse- og sosialsektoren. Brukaren skal sjølv få høve til å medverke og ta avgjerder.

Rammeplanen for barnehagar seier at barn har rett til å få kjennskap til tradisjonar knytte til høgtider i dei livssyna som er representerte.

CC BY-SASkrive av Wenche Bankhaug Michelsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Skolen som arbeidsplass