Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor jobbe som barne- og ungdomsarbeidar i skulen?

Sara blir ofte spurd om kvifor ho vil jobbe som barne- og ungdomsarbeidar i skulen. Ho har difor tenkt godt gjennom dette slik at ho kan gi gode svar.

Lag ei liste over gode grunnar til å jobbe som barne- og ungdomsarbeidar i skulen.

Her møter du Tonje som jobbar som barne- og ungdomsarbeidar på ein skule. Sjå filmen og svar på spørsmåla under.

  1. Kva meiner ein med å vere glad i barn? Er det nok å vere glad i barn for å eigne seg som barne- og ungdomsarbeidar?
  2. Kva trur du Tonje meiner når ho seier «eg må gi mykje av meg sjølv»?
  3. Tonje seier også at det gir henne mykje å jobbe med barn. Kva kan ho meine med det?
  4. Gi døme på korleis du kan bruke dei sterke sidene dine i arbeidet med barn.
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Skolen som arbeidsplass