Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Adventstida

Trollskogen barnehage meiner det er viktig for trivsel og utvikling at alle arbeidstakarane får nytta dei sterke sidene sine. På planleggingsmøte finn dei aktivitetar som kvar av dei tilsette får eit spesielt ansvar for. Aleksander seier at han gjerne vil ta ansvar for adventstida i barnehagen.
Stjernehimmel ved kysten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aleksander har lyst til å ha ei samling med barna kvar dag der han markerer adventstida.

  1. Tenk deg at du er Aleksander, og lag ein plan for denne perioden.
  2. I barnehagen er det eit foreldrepar som ikkje ønskjer at barnet deira skal delta i kristne feiringar. Korleis steller barnehagen seg til det, og kva må Aleksander tenkje på?
    • Ta kontakt med ulike barnehagar og finn ut kva dei gjer i slike situasjonar.
  3. Les det som står om etikk, religion og filosofi i punkt 9 i rammeplanen for barnehagen. Legg spesielt merke til og diskuter kva det står at barnehagen skal bidra med, og kva det står at "personalet skal".

Relatert innhald

Det finst ulike strukturar for planlegging og ulike typar planar. Her skal vi sjå på nokre av dei.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Randi Kvernmo og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2020

Læringsressursar

Barnehagen som arbeidsplass