Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Språkutvikling hos dei minste barna

Matias pratar mykje med dei aller minste barna. Han veit at dette er avgjerande for språkutviklinga deira. Sjå filmen under og svar på spørsmåla.
  1. Kva er turtaking?
  2. Kva er dei første lydene barnet lagar?
  3. Kvifor er det viktig å prate med babyen?
  4. Korleis hermar barnet?
  5. Kva bør du som barne- og ungdomsarbeidar gjere når du har eit lite barn på stellebordet?
  6. Korleis påverkar songen språkutviklinga til barnet?
  7. Korleis kan leiken påverke språkutviklinga til barnet?

Relatert innhald

Det er store forskjellar i barna si utvikling, og det som er typisk for eitt barn, treng ikkje å vere det for eit anna. Likevel har vi nokre forventningar til kva som skjer på dei ulike utviklingsområda og aldersnivåa. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du ha kunnskap om barna si utvikling og barna sitt funksjonsnivå. Dette er viktig for å kunne vere ein god omsorgsperson som kan støtte barnet i utviklinga.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Barnehagen som arbeidsplass