Ein CV er ei kort personleg oversikt over blant anna utdanning, erfaring og interesser. Han blir oftast brukt saman med ein søknad. Om du søkjer jobbar som er lyste ut, eller sjølv tek kontakt med potensielle arbeidsgivarar, er ein fin CV eit stort pluss.
Lag din eigen CV. Dersom du treng inspirasjon i arbeidet, kan du finne ei rekkje råd og oppskrifter på nettet. Lag gjerne eit utkast, samanlikn med kvarandre, og hald fram arbeidet med å lage ein skikkeleg fin CV!
Sist faglig oppdatert 23.07.2018