Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Edgar blir henta

Edgar har hatt vondt i magen i heile dag, men no er pappa på plass for å ta han med seg heim.
En far som holder opp sitt barn. Bilde
Opne bilete i eit nytt vindauge
Aleksander overhøyrer ein samtale

Når Aleksander kjem inn i rommet, overhøyrer han denne samtalen mellom to av dei tilsette:

Tea: «No håpar eg at dei kjem snart, for eg får ikkje gjort noko så lenge Edgar skal sitje på fanget.»

Ludvik: «Vi får håpe at det ikkje er noko alvorleg som feiler deg.»

Han rufsar Edgar i håret medan han seier det.

Tea: «Eg trur ikkje det er noko alvorleg, for han grin no mykje til vanleg også.»

  • Kva ville du gjort i denne situasjonen dersom du var Aleksander?
  • Kva fortel denne vesle samtalen om haldningar?

Edgar har feber og ser sliten ut når far kjem for å hente. Far stryk han over håret og seier: «Huff, blei du så sjuk du då, vennen.»

Tea som er irritert, seier med litt kvass stemme:
«De burde kanskje sjekke allmenntilstanden hans litt betre før de sender han i barnehagen. Det går ut over alle dei andre barna når eg må sitje heile føremiddagen med Edgar på fanget. Det forstår vel de også?»

Lag to rollespel

Litt stolt fortel Tea at i dag har ho sagt kva ho meiner til Edgars far. Ho fortel dei andre på jobb kva ho har sagt.

Rollespel 1

Kva seier kollegaene hennar når ho fortel dette?

Rollespel 2

Styraren overhøyrde også det Tea sa. Ho ber om ein samtale for å snakke om haldningar.
Korleis blir denne samtalen?

Lag begge rollespela og framfør dei for kvarandre.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Barnehagen som arbeidsplass