Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fallulykke

Matias er ute saman med barna og leikar, og plutseleg ser han at Erna fell ned frå klatrestativet. Han spring bort for å sjå kva som har skjedd.
Sjelett av fotblad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Matias ser at foten til Erna har feil stilling – og ho græt. Mange av dei andre barna samlar seg rundt klatrestativet.

Kva har skjedd? Kva gjer Matias?

Set deg inn i nødvendig fagstoff og lag eit rollespel som viser korleis du vil opptre i denne situasjonen.

Tips til rollespel

  • Kva er riktig førstehjelp?
  • Kven kontaktar du?
  • Korleis viser ein omsorg for barna.

Relatert innhald

Barn og ungdom blir ofte utsette for fallskadar. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du kunne riktig førstehjelp ved ulike typar skadar som oppstår etter eit fall.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Barnehagen som arbeidsplass