Linnea synest det er viktig å forstå kva for føringar lover og reglar gir for arbeidet i barnehagen. Ho bruker tid på å halde seg fagleg oppdatert.
Av og til synest ho det er vanskeleg å forstå språket i slike dokument, og då ber ho ein av barnehagelærarane om hjelp.

Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (2017)
"Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar."
(Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 11)
I verdigrunnlaget om berekraftig utvikling i rammeplanen står det:
"Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn."
(Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 10)
Del 1
Gjennomfør ein kafédialog.
- Bord 1: Korleis kan kosthaldet i barnehagen vere helsefremjande?
- Bord 2: Korleis kan kosthaldet i barnehagen vere førebyggjande?
- Bord 3: Korleis kan kosthaldet i barnehagen vere med på å jamne ut sosiale forskjellar?
- Bord 4: Korleis kan ein bruke måltida i barnehagen til å skape kunnskapar og ferdigheiter som byggjer opp under ei berekraftig utvikling?
Del 2
Bruk rammeplanen for barnehagen og sjå kva meir du kan finne om kosthald.
Kjelde
Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Henta frå https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan/