Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yrkesetisk dilemma: Kven får vere med?

Som barne- og ungdomsarbeider kan du støyte på vanskelege val. Då kan det vere smart å ha førebudd seg. Les gjennom problemstillinga og vel deretter eit av alternativa. Finn fram ein tekstbehandlar, for du skal grunngi valet. Til slutt skal du få nokon moment og sjå om du får nye refleksjonar.
4 barn og en voksen som ser på. tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ida på fire år har gått i barnehagen i to år og bur nesten ein time unna barnehagen. Dei andre barna bur i nærområdet til barnehagen. Ida og Ally, som også er fire år, leikar godt saman når femåringane er opptekne med noko anna. Men straks femåringane kjem, vil Ally heller leike med dei. Gruppa med femåringar slepper ikkje Ida inn i leiken. Når Ally leikar med femåringane, blir Ida sitjande åleine og pusle med lego eller noko anna ho kan leike med.

Kva gjer du i denne situasjonen?

Skriv begrunnelse for val av alternativ før du ser på momenta som tilhøyrer alternativet.

Alternativ 1 – Ingenting. Det er helt greitt at dei ikkje leikar saman heile tida.

Dette må du tenkje over:

  • Korleis vil du grunngi dette valet?
  • Korleis trur du Ida opplever situasjonen?
  • Korleis trur du foreldra til Ida opplever denne situasjonen?
  • Kor lang tid synest du Ida kan sitje åleine og utanfor dei andre gruppene utan at du gjer noko?
  • Kva vil du gjere dersom du ser at Ida blir lei seg?
  • Kva kan årsakene vere til at Ida ikkje får delta?
  • Kva kan årsakene vere til at Ally heller vil vere saman med femåringane?
  • Kva er dei vaksne sitt ansvar i denne situasjonen?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 2 – Du grip inn og seier at Ida må få leike med Ally og dei andre.

Dette må du tenkje over:

  • Korleis vil du grunngi dette valet?
  • Korleis trur du at Ida, Ally og femåringane opplever dette?
  • Er det nok å seie at barn må få bli med i leiken?
  • Kva gjer du vidare dersom du ser at Ida ikkje blir inkludert i leiken, men blir sitjande og sjå på at dei andre leikar?
  • Kva gjer du dersom femåringane seier at dei ikkje vil leike med Ida?
  • Kva kan årsaka vere til at Ida ikkje får leike med dei andre barna?
  • Kva er dei vaksne sitt ansvar i denne situasjonen?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 3 – Du set deg ned og leikar med Ida og prøver å hjelpe henne til å ta initiativ til å ta del i gruppa.

Dette må du tenkje over:

  • Korleis vil du grunngi dette valet?
  • Korleis trur du Ida vil oppleve at du hjelper henne?
  • Korleis kan du få Ida til å ta initiativ til å ta del i gruppa?
  • Kva gjer du om gruppa framleis avviser henne?
  • Kva er dei vaksne sitt ansvar i samspel med barna?
  • Kva vil du seie til dei andre vaksne i barnehagen om det du observerer?

Nye refleksjoner?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

CC BY-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Yrkesetiske valg