Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yrkesetisk dilemma: Dokumentasjon i barnehagen

Som barne- og ungdomsarbeider kan du støyte på vanskelege val. Då kan det vere smart å ha førebudd seg. Les gjennom problemstillinga og vel deretter eit av alternativa. Finn fram ein tekstbehandlar, for du skal grunngi valet. Til slutt skal du få nokon moment og sjå om du får nye refleksjonar.
To voksne som ser på en barnetegning.Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Blomman barnehage bruker dei å hengje opp mange av teikningane som barna teiknar. Når barna blir henta, tek foreldra seg ofte tid til å sjå på desse teikningane. Clemmet er fem år og har ein del motoriske problem. Det gjer at teikningane hans for det meste blir strekar og krusedullar, medan dei fleste andre på hans alder tek til å få detaljar i teikningane sine. Ein dag Mathias hengjer opp teikningar, kjem kollegaen hans Inger bort og seier at han ikkje bør hengje opp teikningane til Clemmet. Det gjer det tydeleg for alle at han ikkje kan teikne.

Kva hadde du gjort om du var Mathias?

Skriv begrunnelse for val av alternativ før du ser på momenta som tilhøyrer alternativet.

Alternativ 1 – Du hengjer opp bileta saman med dei andre bileta.

Dette må du tenkje over:

  • Kva oppnår du ved å gjere det?
  • Kvifor vel du dette alternativet?
  • Kven bestemmer at noko er fint og noe stygt?
  • Kva gjer du om Clemmet seier «Teikninga mi er stygg – eg vil aldri teikne meir»?
  • Kva seier du dersom du ser at Clemmet ser stolt på teikninga si?
  • Kva seier du dersom foreldra spør om teikneutviklinga til Clemmet?
  • Korleis kan du hjelpe Clemmet og foreldra til å vere stolte av biletet som heng der?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 2 – Du let vere å hengje opp biletet til Clemmet.

Dette må du tenkje over:

  • Kvifor vel du denne løysinga?
  • Kven bestemmer at noko er for dårleg, for stygt til å hengjast opp?
  • Kva seier du når Clemmet spør etter biletet sitt?
  • Kva seier du når foreldra leitar etter biletet til Clemmet blant alle dei andre bileta?
  • Korleis trur du denne løysinga påverkar sjølvbiletet til Clemmet?
  • På kva måte vil du då vise at du liker dei teikningane som Clemmet lagar?
  • Trur du dette vil motivere han til å teikne fleire teikningar?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 3 – Du tek med deg Clemmet ut på kjøkkenet og spør om de skal teikne ei teikning saman. Den teikninga de lagar, hengjer du opp.

Dette må du tenkje over:

  • Kvifor vel du denne løysinga?
  • Er dette omsorg?
  • Kva trur du Clemmet føler når han ser dette biletet på veggen?
  • Kva trur du foreldra til Clemmet føler eller tenkjer når dei ser teikninga?
  • Korleis påverkar denne løysinga korleis Clemmet teiknar vidare framover?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

CC BY-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Yrkesetiske valg