Hopp til innhald

Oppgåve

"Den lille Pige med Svovlstikkerne"

Den danske forfattaren Hans Christian Andersen vaks opp i fattige kår i Odense. Han skreiv både sakprosa, lyrikk, romanar og dramatikk, men fekk etter kvart interesse for folkeeventyr. Han er mest kjend for kunsteventyra sine, blant dei "Den lille Pige med Svovlstikkerne" (1848).

LK20LK06
Piken med svovelstikkene. Illustrasjon.

Oppgåve

Les eventyret " Den lille Pige med Svovlstikkerne " i originalutgåve og i norsk omsetjing. Teksten finn du relatert nedst på sida. Svar deretter på spørsmåla nedanfor.

  1. H.C. Andersen skreiv eventyret om jenta med svovelstikkene i 1848. Det danske 1800-talsskriftspråket, som denne teksten er skriven på, vart også brukt i Noreg før vi fekk vårt eige norske skriftspråk. Studer første avsnitt i eventyret. Kva openberr forskjell ser du mellom substantiva i originalutgåva av eventyret og i den norske omsetjing? (Stikkord: fellesnamn, bunden form.)
  2. Les grundig gjennom det første avsnittet i begge språkversjonane og legg særskilt merke til teiknsetjinga. Korleis skil originalutgåva seg frå den norske omsetjinga? Kva kan grunnen vere til at ein har valt å bruke ei anna teiknsetjing i den norske utgåva?
  3. H.C. Andersen skriv "Pigen", "Gaden", "Fødder" og "tabte". Kor i Noreg bruker folk i dag "gade" og "bage" i talemålet sitt? Kva kan grunnen vere til at orda vert uttalte slik i dette området?
  4. Korleis vert desse orda skrivne på moderne norsk?
  5. I den danske originalutgåva og i den norske omsetjinga vert det brukt ulike ord for å skildre den vesle jenta. Kva for ord vert brukte?
  6. Mot slutten av eventyret omtalar originalutgåva av eventyret den vesle jenta som "det lille Liig". I den moderne norske utgåva vert ho omtala som "den lille døde". Kva kan vere grunnen til det?
Sist oppdatert 23.01.2019
Skrive av Cecilie Isaksen Eftedal og Ragna Marie Tørdal

Læringsressursar

Nordisk litteratur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?