Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Hald ein tale til folket i Vittula

Bygda Vittula har tromma saman til fest. Du går inn i rolla som ordførar og skal halde ein kort tale der du trekk fram dei beste sidene ved bygda di. Føremålet med talen din er å skape begeistring og overtyde folk i bygda om at dei bur på ein fantastisk plass!

Mange bokstaver strømmer ut av munnen til ung kvinne- Manipulert fotografi.

Oppdrag

  1. Les utdraga frå Mikael Niemi sin roman Populærmusikk fra Vittula .
  2. Skriv talen og framfør han for klassen.

Bruk prinsippet om "den gylne handa" når du skriv talen din:

Prinsippet vart først brukt av dei gamle greske retorane (talarane), men det er like nyttig i dag. "Den gylne handa" vil seie at du skal ha like mange moment som det er fingrar på ei hand. Då disponerer du innhaldet slik:

  • innleiing (eitt moment)
  • hovuddel (tre moment)
  • avslutning (eitt moment)
Sist faglig oppdatert 23.01.2019
Skrive av Eva Walde Lund og Trude Løvskar

Læringsressursar

Nordisk litteratur

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Kjeldemateriale