Hopp til innhald

Oppgåve

Oppgåver om domene

Les fagartiklane om DNS-oppslag og oppbygginga av domene, og svar på desse oppgåvene om DNS og domeneoppslag.

LK20
Adresselinje i ein nettlesar. Illustrasjon

Oppgåver

  1. Omgrepet domene (på engelsk domain) blir brukt mange gonger i tekstane. Korleis kan omgrepet forståast, og korleis heng dette saman med måten vi bruker det på?
  2. Kva er eit topp-domene?
  3. Lag ei liste over sju nasjonale topp-domene og sju generiske topp-domene.
  4. Vel fire topp-domene (to frå kvar kategori), og finn ut kva krav som må bli innfridde for å ha eit domene under desse topp-domena.
  5. Gå på fem nettsider du bruker ofte. Vurder domena og topp-domena desse ligg under. Påverkar domenet kor truverdig eller påliteleg du opplever at nettsida er? Kvifor det?
  6. Kva topp-domene er sette av til testing?
  7. Ulike typar oppslag (DNS records) kan gjerast mot DNS. Kva står forkortingane under for, og kva type oppslag blir dei brukte til?
    1. A
    2. AAAA
    3. CNAME
    4. MX
    5. NS

Ekstraoppgåver

Til desse oppgåvene skal du bruke ICANN sitt statistikkverktøy frå icann.org. Dette er eit sterkt verktøy som kan gi ei god innsikt i DNS-førespurnadene som blir gjord, sjølv om statistikken ikkje er fullstendig.

  1. Kor mange domene-førespurnader blei på det meste gjort til saman (alle regionane) siste døgn?
  2. Ranger regionane etter kor mange domene-førespurnader dei hadde på det meste siste døgn.
  3. Generer statistikk for den siste veka. Ser du eit mønster i talet på førespurnader gjennom døgnet og veka? Kan du forklare det?
  4. Ut frå veke-statistikken så vil du sannsynlegvis sjå at grafane for dei ulike regionane ikkje overlappar perfekt. Kvifor trur du det er slik?
  5. Bruk verktøyet for å finne ut kva topp-domene som er mest brukt. Kor mykje meir er det brukt enn det neste på lista?
Sist oppdatert 08.06.2020
Skrive av Tron Bårdgård

Læringsressursar

Lokale nettverk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?