For at pakkebaserte nettverk skal fungere, må fleire ulike protokollar og tenester arbeide saman. TCP/IP-modellen viser overordna korleis datapakkar blir bygde opp med nødvendig informasjon som trengst for å få dei fram til riktig mottakar og program.

TCP/IP-modellen er bygd opp av fem nivå (lag) og blir ofte kalla for femlagsmodellen. Kvart lag representerer ei teneste eller protokoll som trengst for å kommunisere over nettverk.
Lag nummer | Namn | Døme |
---|---|---|
5 | Applikasjonslaget | Chrome (HTTP), Steam, VLC |
4 | Transportlaget | TCP- og UDP-protokoll |
3 | Nettverksslaget | IP-protokoll |
2 | Datalinklaget | ARP-protokoll og Ethernet |
1 | Det fysiske laget | Fiber, Wifi, Kopparnettverk |
Kvart lag gjer ein bestemd serie med oppgåver og kommuniserer berre med laget rett over og rett under. Når eit program ønskjer å sende data, sender det informasjonen til tenester og protokollar nedover i modellen. Kvart lag nedover legg til informasjon til datapakken. Når pakken når det fysiske laget på botnen av modellen, blir han sendt over til mottakaren, og her går prosessen i revers oppover i modellen heilt til programmet på den andre sida får dataa.
I animasjonen under blir det vist korleis pakken blir sett saman, kva informasjon kvart lag legg til og korleis pakken så blir tolka på mottakarsida.
I modellen har vi ei rett linje ned frå applikasjonen gjennom laga til det fysiske laget. Dette skjuler ein av dei viktigaste fordelane med å gjere kommunikasjon på denne måten. Ei maskin har som oftast mange applikasjonar som køyrer samtidig og som bruker nettverk eller internett. Alle desse vil bruke dei same protokollane nedover i modellen. Kvar applikasjon treng dermed berre å vite litt av informasjonen, og alle kan sende dataa sine via dei same systema/protokollane vi finn nedover i modellen.
Ein nettlesar treng ikkje vite kva slags nettverkskort maskina har, kor stor datapakken kan vere eller kor mange det er av dei. Dette og mykje meir blir handtert saumlaust nedover i modellen. Dette gjer det lett å lage applikasjonar, det gjer det lett å feilsøke nettverk og vi kan enkelt introdusere nye protokollar og framleis nytte oss av gamle i laga over og under.
TCP/IP-modellen sine fem lag er nok for å gi forståing for korleis datapakkar blir bygde opp og korleis nettverk fungerer for å få fram datapakkane.
Modellen er ei forenkling. Det er greitt å vite at det òg finst ein utvida modell med sju lag som heiter OSI-modellen. Dei fleste vil ikkje trenge å bruke han.