Hopp til innhald

Fagartikkel

Medieutvikling i nord–sør-perspektiv

Mediestraumen går frå nord til sør. Men nye multinajonale TV-nyheitskanalar på arabisk og kinesisk er i ferd med å endre det globale mediebiletet.

NRK sine fjernsynsbilete av hungersramma barn i Biafra i 1969 har på mange måtar danna malen for korleis dette kontinentet sidan er blitt omtalt i norske medium.

Utviklingsland eller majoritetsland?

Det er ofte lettare å snakke om fattige og rike land enn om utvikla og mindre utvikla land. Men det er ikkje alltid rikdom og utvikling heng saman. Nokre land er veldig rike utan at det kjem befolkninga til gode. Omgrepet utviklingsland blei introdusert etter andre verdskrigen som ei samlenemning for alle ikkje-industrialiserte land med behov for utviklingshjelp. Bruken av omgrepet har gått gjennom forskjellige fasar, frå underutvikla land via utviklingsland til den 3. verda, og i dag nyttar mange nemninga sør eller også det globale sør.

Merkelappane vi nyttar som sorteringsmekanismar, kan forme oppfatningane våre. Den prislønte fotografen Shahidul Alam frå Bangladesh tek til orde for at vi heller bør nytte omgrepa majoritets- versus minoritetsverd. Dei fleste menneska lever i majoritetsverda eller sør, og minoritetsverda og dei erfaringane den verda har, er nettopp det – mindretalet sine.

Mediestraumen går frå nord til sør

Likevel går svært mykje av mediestraumane frå nord til sør. Mykje medieinnhald, ikkje minst nyheitsstoff, blir produsert i nokre rike land i nord og spreidd til resten av verda.

Dei store nyheitsbyråa som Reuters (engelsk), AFP (fransk) og UP (USA) har framleis stor makt over kva som når merksemda til folk. Nyheitsredaksjonar verda over er ofte avhengige av materialet frå dei store, transnasjonale nyheitsbyråa. Berre Reuters forsyner for eksempel 521 000 redaksjonar over heile verda med innhald og leverer noko slikt som 30 000 overskrifter og 3 millionar ord per dag. Då er det sjølvsagt viktig kva for hendingar nyheitsbyråa fokuserer på. Gjennom å profilere seg som nøytrale leverandørar av fakta og ikkje meiningar speler nyheitsbyråa ei viktig og ofte lite påakta rolle som agendasetjarar på verdsplanet.

Nyheitsbyrået IPS Inter Press Service - International News Agency (IPS) formidlar nyheiter frå den 3.verda. Det norske avdelingskontoret blei lagt ned i 2005.

K-stoffet dominerer

Det afrikanske kontinentet møter nokre særlege utfordringar i media. Afrikanske land set sjeldan dagsordenen økonomisk eller politisk, og mange utanfor kontinentet har problem med å skilje dei 52 landa frå kvarandre. Det må ofte såkalla K-stoff til for at afrikanske hendingar får nyheitsverdi: krig, krise, konflikt og katastrofe – eller det kuriøse, som når ein baby blir fødd i toppen av eit tre. I aukande grad kan vi snakke om ein sjette K for kjendis: Legg til ein Angelina Jolie, Bono eller Madonna, og vips blir Afrika ei nyheit.

"Oss" og "dei andre"

Folk langt borte, i kulturell og sosial eller økonomisk tyding, blir gjerne representerte i media som stereotype grupper utan individuell verdi. "Den andre" blir ofte framstilt som dyrisk, barnsleg og usivilisert. Implisitt her ligg eit "vi" som har nettopp dei positive eigenskapane "dei andre" manglar.

Kan ein snu mediestraumen?

Samtidig ser vi at dei tradisjonelle mediestraumane frå nord til sør blir utfordra, ikkje minst med spreiinga av Internett. Filmindustrien i Nollywood i Nigeria og Bollywood i India produserer no fleire filmar enn Hollywood i året.

Billigare teknologi og det at stadig fleire ønskjer å ha ei stemme med i den internasjonale diskusjonen om verdsmakt, har også ført til stor vekst i globale tv-nyheitskanalar som sender heile døgnet heile veka. Spesielt Al Jazeera English basert i Qatar har gitt verdspublikummet nye perspektiv. Fleire transnajonale tv-nyheitskanalar på arabisk og på kinesisk speglar endringar. Samstundes er mediemarknadene framleis aller mest nasjonale. Dei fleste vil ha lokale medium dersom dei kan velje mellom medieinnhald av same kvalitet.

Sist faglig oppdatert 14.11.2018
Skrive av Kristin Skare Orgeret
Rettshavar: Amendor AS

Læringsressursar

Ut i verda

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar