LK20LK06

Meir enn 90 % av omsetninga i bokhandelen kjem frå bedrifter som er knytte til kjeder eller samanslutningar. Ark-kjeda er eigd av Gyldendal Forlag, Tanum er eigd av Cappelen Damm, medan Aschehoug forlag eig halvparten av Libris-kjeda. I bokbransjen finn vi altså både horisontal og vertikal integrasjon.
Oppgåve
- Les fagartikkelen om Horisontal og vertikal integrasjon.
- Kva tyder omgrepet "vertikal integrasjon"?
- Kva tyder omgrepet "horisontal integrasjon"?
- Kva er eit konglomerat?
- Studer figuren frå ijoc.org som viser mediekonglomerat. Kva fortel denne figuren om den vertikale integrasjonen som skjer mellom medieselskapa i dag?
Sist oppdatert 28.11.2018