Hopp til innhald

Oppgåve

Samanlikn internasjonale nyheitskanalar

Nyheitene er vindauget vårt mot verda – dei tek verda med heim til oss. Opplevinga av å vere augevitne gjer at vi har ein særleg tillit til nyheitssendingar på tv. Vi trur på det vi ser – fordi vi ser det sjølv.

LK20LK06
Mann i dress i TV-studio saman med ei kvinne. Foto.

Daverende president Dmitrij Medvedev i Russia Today TV

Kven er eigentleg kjeldene? Kor kjem bileta frå? Kvifor har ein valt akkurat denne måten å framstille saka på?

I denne oppgåva skal du studere nyheitsdekkinga i den arabiske nyheitskanalen Al Jazeera English, franske France 24 og russiske Russia Today. Alle desse tre nyheitskanalane har sine eigne verdsomspennande nyheitskanalar på TV og nett.

Oppgåve

Registrer og samanlikn dei 10 viktigaste nyheitene i desse tre nyheitskanalane i går.

Analysen skal gi svar på følgjande spørsmål:

  1. Kva for delar av verda handlar nyheitene om?

  2. Korleis er nyheitene vinkla?
  3. Kva for nyheiter er felles for alle tre kanalane?
  4. På kva måte skil nyheitskanalane seg frå kvarandre?
  5. Studer spesielt nyheiter om krig og konfliktar. Korleis blir nyheiter frå dette området vinkla i dei tre kanalane?
  6. Korleis vil du forklare likskapar og forskjellar?
Sist oppdatert 14.03.2022
Skrive av Jan-Arve Overland

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?