Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mediesystem og styreformer

I eit autoritært samfunn er media ofte eit talerøyr for styresmaktene. I eit demokratisk samfunn har media ein kontrollerande funksjon, og dei er viktige kanalar for informasjon og meiningsutveksling.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
Hand held mikrofon med piggtråd rundt. Foto.

Mediesystem

Ein medieideologi eller eit mediesystem er ein modell som beskriv rolla media har i eit samfunn. Denne rolla heng nøye saman med måten makta er fordelt på.

Demokratisk styreform

I eit demokrati er det folket som gir styresmaktene makt gjennom frie val. Ein av dei viktigaste føresetnadene for eit demokrati er kanalar for fri meiningsutveksling. I alle demokratiske land finst det derfor lover om pressefridom.

Media er ein del av maktbalansen og opptrer ofte som kritikarar og vaktbikkjer overfor andre grupper som utøver makt. Enkelte fryktar at media som frie, uavhengige aktørar kan få for mykje makt, sidan dei i lita grad sjølv kan stillast til ansvar av folkevalde organ.

Diktatur

Det motsette av eit demokrati er eit diktatur. I eit diktatur har makthavarane anten blitt utpeikte av forgjengaren, eller dei har rana til seg makta gjennom statskupp eller revolusjon.

Eit autoritært regime er eit styresett der styresmaktene har stor makt til å bestemme, uansett kva folket måtte meine. Det er vanleg i diktatur, men nokre demokrati har òg eit autoritært regime. Døme på det er Russland, Ungarn og Tyrkia.

I slike land kan media vere underlagde førehandssensur, eller dei kan drive sjølvsensur i frykt for represaliar. Den teknologiske utviklinga gjer det i dag vanskelegare å hindre innbyggjarane i å dele informasjon og meiningar i sosiale medium.

I eit totalitært regime har styresmaktene all makt, også over media. Nord-Korea, Turkmenistan og Eritrea er døme på totalitære regime. I slike land blir media brukte som tenarar og talerøyr for styresmaktene og deira allierte.

Folkemengd beståande av menn og kvinner i 1700-tallsklede. Dei har løpesetlar og aviser i hendene. Illustrasjon.

Krav om ytringsfridom og pressefridom oppstod i kjølvatnet av den franske revolusjonen.

Arven frå den franske revolusjonen

Avisene spelte ei stor rolle i utviklinga av dei europeiske demokratia på 1700- og 1800-talet. I liberalistisk ånd stilte pressa seg kritisk til statsmakta og definerte si eiga rolle som talerøyr for enkeltmennesket – den vesle mannen i gata. Denne oppfatninga blir spegla i dagens norske Ver varsam-plakat.

Ein annan viktig liberalistisk idé var at media skulle vere økonomisk uavhengige. Vestlege medium opererer i dag som store kommersielle aktørar og tener mykje pengar. Enkelte hevdar at omsynet til inntening kan gå ut over rolla media har som kanalar for fri meiningsutveksling og informasjonsformidling.

Ulike modellar i vestlege demokrati

Mange har prøvd å klassifisere dei ulike medieideologiane. Den siste klassifiseringa som har fått gjennomslag i medievitskapen, kom i 2004 og blei utarbeidd av Daniel C. Hallin og Paolo Mancini. Dei tok utgangspunkt i 18 vestlege demokrati. Hallin og Mancini hevdar at medieinstitusjonane ikkje berre speglar samfunnet, men også sjølv er ein aktør som påverkar sosiale strukturar i samfunnet dei er ein del av.

  1. The Mediterranean / Polarized Pluralist Media Model finn vi i Hellas, Portugal og Spania. Desse landa har ei eliteorientert presse og ei sterk statsmakt.
  2. The Northern European / Democratic Corporatist Media Model finn vi i dei nordiske landa og Tyskland og Austerrike. Desse landa er prega av ein sterk stat og konsensus (semje) og nyttar marknadsjusterande tiltak som pressestøtte.
  3. The North Atlantic / Liberal Media Model finn vi i Storbritannia, USA, Canada og Irland. Karakteristisk for desse statane er ein gjennomgripande og omfattande pressefridom med ein sterk individualisme. Media er styrte av kommersielle krefter, og journalistikken er profesjonalisert. I USA har utviklinga dei siste åra gått i retning av sterk politisk polarisering.
  4. The Eastern European / Post‐Communist Media Model finn vi i landa i det tidlegare Aust-Europa. Medieideologien i Aust-Europa er framleis prega av arven frå Sovjetunionen. Aviser og tidsskrift har ei uavhengig rolle, mens radio og TV støttar opp om makthavarane. Utviklinga har likevel gått i retning av aukande sjølvsensur.

Rolla til media i Noreg

Det norske samfunnet byggjer på blandingsøkonomi. Det betyr at tilbod og etterspurnad styrer mykje av økonomien i landet vårt, men at vi òg har statleg eigarskap, og at styresmaktene grip inn med regulerande tiltak for å sikre ei jamn fordeling av goda i samfunnet.

I Noreg bestemmer staten kva kanalar som skal få konsesjon til å sende radio og TV. Aviser får pressestøtte for å sikre eit mangfald av meiningar. Ut over dette er det media sjølv som definerer rolla si i samfunnet gjennom reglane i Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten.

Til fordjuping

Noreg har i fleire år blitt rangert som best i verda når det gjeld pressefridom. I denne videoen frå 2020 reflekterer Christophe Deloire, som er leiar av organisasjonen Reportere uten grenser (RSF), over kva som er grunnen til det, og over trendar som kan true den frie journalistikken i framtida.

Viktige omgrep

Kjelder

Autoritært styre. (u.å.). I Folk og forsvar. Henta 25. mai 2021 frå https://folkogforsvar.no/leksikon/autoritaert-styre/

Comparing Media Systems. (u.å.). I Wikipedia. Henta 27. januar 2021 frå https://en.wikipedia.org/wiki/comparing_media_systems#Dimensions:_political_context

Totalitær stat. (u.å.) I Folk og forsvar. Henta 25. mai 2021 frå https://folkogforsvar.no/leksikon/totalitaer-stat/

Types of Media Systems. (u.å.). I Wikipedia. Henta 25. mai 2021 frå https://en.wikipedia.org/wiki/comparing_media_systems

Sist oppdatert 27.01.2021
Skrive av Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar