Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Bioprospektering – naturen sett med nye auge

Her finn du arbeidsoppgåver og spørsmål til diskusjon knytt til filmen om bioprospektering.

Forskere samler inn prøver i regnskog. Foto.

Sjå filmen Bioprospektering: Naturen sett med nye øyne. Bioteknologiskolen 9.

Spørsmål

  1. Gi eksempel på nokre økosystem og artar som er aktuelle for bioteknologisk forsking i Noreg. Kvifor trur du at akkurat desse forskingsfelta er aktuelle i Noreg?
  2. Kva er eit patent, og kva skal til for å få det innvilga? Drøft forskjellen mellom ei "oppdaging" og ei "oppfinning". I dag kan vi ta patent på levande mikroorganismar – er det etisk riktig at det skal vere slik?
  3. Cyclosporin er eit immundempande stoff som i dag blir brukt ved organtransplantasjonar for å unngå avstøyting av nye organ. Stoffet blei i si tid isolert frå lav på Hardangervidda av forskarar frå eit sveitsisk legemiddelføretak. Dette føretaket tener årleg om lag 10 milliardar kroner på dette produktet. Medisinen har medført ein revolusjon innan transplantasjonar og har ført til at tusenvis har blitt redda. Er det riktig at det skal vere gratis å hente slike genetiske ressursar frå Noreg, eller skulle vi fått ei godtgjersle?

Arbeidsoppgåve 1

Du ønskjer å starte ei bedrift for å finne enzym som kan hjelpe til med å bryte ned avfall. Vel om du ønskjer å satse på nedbryting av matavfall eller nedbryting av plast. Finn ut kvar du bør begynne å leite etter spennande gen du kan bruke.

Arbeidsoppgåve 2

Tenk deg at du skulle leite etter gen for spesielle eigenskapar hos bakteriar, dyr eller plantar. Kva for eigenskapar ville du leitt etter i regnskogen, og kva ville du leitt etter på Svalbard?

Arbeidsoppgåve 3

Urfolk har mykje kunnskap om naturen. Bør urfolk få godtgjersle dersom denne kunnskapen blir brukt til å lage nye produkt? Diskuter òg korleis vi best skal ta omsyn til urfolk sine rettar ved bruk av naturressursane i områda deira.

Sist oppdatert 22.06.2021
Skrive av Snöball Film AS

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Høyr deg sjølv – etiske spørsmål knytte til bioteknologi

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Øvingsoppgåver – etiske spørsmål knytet til bioteknologi

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Etikkdebatt: kartlegging av gen – behandling av sjukdom

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Undersøk haldningar til genteknologi

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Vurder argument om etiske problemstillingar i bioteknologi

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Etisk dilemma – My Sister's Keeper