Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Etisk dilemma – My Sister's Keeper

Når dottera får blodkreft, bestemmer foreldra seg for å få eit nytt barn. Dei håpar at det nye barnet, med organa sine, kan redde den sjuke dottera frå ein altfor tidleg død.

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Oppgåver til den første delen av filmen

Sjå dei første 23 minuttane av filmen My Sister's Keeper, fram til 22.32, og svar på oppgåvene under.

Oppåve 1

Eit etisk dilemma er ein situasjon der ulike verdiar står i konflikt med kvarandre. Kva for dilemma står Anna og foreldra hennar overfor i denne filmen?

Oppgåve 2

Kva for moralsk ansvar har Anna og Kate overfor kvarandre, og kva for moralsk ansvar har foreldra overfor dei? Grunngi svaret.

Oppgåve 3

Oppåve 4

Ifølgje filosofen Immanuel Kant er det gale å bruke eit menneske berre som eit middel og ikkje eit mål i seg sjølv. I kva grad behandlar foreldra til Anna henne som eit middel for å gjere søstera frisk og ikkje som eit mål i seg sjølv? Meiner du at det var rett å få Anna slik at ho kunne vere donor for Kate?

Oppgåve 5

Kva er konsekvensane av at foreldra i filmen medvite får eit barn som kan brukast som donor for søstera? Er dei positive konsekvensane større enn dei negative, eller er dei negative konsekvensane størst? Grunngi svaret.

Oppgåve 6

Ifølgje Aristoteles og dydsetikken er det viktig å finne ein gyllen middelveg i moralske spørsmål. Diskuter om det er mogleg å finne ein balanse mellom behova til Anna, Kate og foreldra.

Når du har sett heile filmen

Skriv eit kort refleksjonsnotat som dekkjer punkta under:

  1. Korleis blir det moralske dilemmaet endra i løpet av filmen?
  2. Kva gjorde mest inntrykk på deg i filmen?
  3. Kva tenkjer du er det viktigaste denne filmen kan lære oss om etiske dilemma i bioteknologi?
Sist oppdatert 01.12.2020
Skrive av Karl Henrik Aanesen

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?