Hopp til innhald

Fagstoff

Bokstavar kan erstatte tal

Det er ofte lurt å rekne med bokstavar i staden for tal. Dette kallar vi algebra.
Rektangel. Illustrasjon.

Formelen for å rekne ut arealet av eit rektangel er A=g·h.

Du må altså multiplisere grunnlinja med høgda for å rekne ut arealet.

Eksempel

Vi skal rekne ut arealet av ein fotballbane der sidelengdene er 68 m og 105 m.

Ein fotballbane er rektangelforma. Vi lar den lengste sida vere grunnlinja og den kortaste sida vere høgda.

Fotballbanen Sør Arena, Kristiansand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi får at

A = g·h =105 m·68 m =7140 m2

Vi ser at bokstavane i formelen representerer talstorleikar, og ein formel er altså ei oppskrift for korleis vi skal rekne ut ein storleik. Når vi kjenner grunnlinja og høgda, kan vi rekne ut arealet.

I mange tilfelle er det lurt å rekne med bokstavar i staden for tal. Dette blir kalla algebra.

Reknereglane vi bruker når vi reknar med bokstavar, er akkurat dei same som gjeld for rekning med tal. Dersom du lurer på om du har rekna rett, kan du erstatte bokstavane med tal og sjå om utrekninga er rett.

Bokstavar og programmering

Vi kan lage eit program som reknar ut arealet av rektangel for oss. Når vi programmerer, lèt vi ofte bokstavar, eller variablar, representere tal vi skal rekne med. Til dømes kan vi i programmet lage ein variabel "h", la han stå for høgda i eit rektangel og gi han verdien 68. I programmeringsspråket Python ville vi da skrive

h = 68

Så kan vi lage ein variabel "g" for grunnlinja i rektangelet og setje han til verdien 105 på tilsvarande måte. Til slutt kan vi be programmet rekne ut arealet ved å skrive

g·h

i programmet.

Dette kan du lese meir om på sida "Variablar, matematiske operatorar og kommandoen print()".

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen, Stein Aanensen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 29.02.2020

Læringsressursar

Algebraiske uttrykk