Hopp til innhald

Simulering

Lineære funksjoner – simuleringer og spill

Her kan du lære meir om lineære funksjonar ved å prøve simuleringane og spelet nedanfor.

LK20

Oppgåve

  1. Trykk på den første simuleringa (stigningstal). Flytt på punkta. Observer korleis utrekninga til høgre, av stigningstalet, endrar seg.
  2. Endre på utrekninga ved å trykke grøn eller rosa pil opp eller ned. Observer korleis punkta flyttar seg når du trykker.

Tips til spelet

  • Begynn med nivå 1.
  • I nokre av oppgåvene skal du plassere ei linje på rett stad. Dette gjer du ved å flytte på eitt eller begge punkta på linja. Ver merksam på at punkta berre kan ha x- og y-koordinatar som har heile tal. Det betyr til dømes at det ikkje er alltid du kan plassere punkta på ein av koordinataksane.
Sist oppdatert 20.11.2018
Skrive av Bjarne Skurdal

Læringsressursar

Lineære funksjonar