Hopp til innhald

Fagartikkel

Korleis finne funksjonsuttrykket for ein lineær funksjon ut frå grafen

Den generelle lineære funksjonen kan skrivast som f(x) = ax + b der a er stigingstalet og b er konstantleddet. For å finne funksjonsuttrykket, må vi difor finne a og b.

LK20LK06
Grafen til en lineær funksjon.Tegning.

I koordinatsystemet til høgre har vi teikna grafen av ein lineær funksjon.

Grafen skjer y-aksen i punktet (0, -1). Det tyder at b=-1.

Hugs at du alltid finn konstantleddet ved å sjå kor grafen skjer y-aksen!

Når vi går éi eining til høgre frå (0, -1), må vi gå to einingar opp på y-aksen for å treffe grafen. Det tyder at a=2.

Funksjonsuttrykket blir derfor f(x)=2x-1.

Legg merke til at vi like gjerne kan ta utgangspunkt i eit anna punkt på grafen for å finne stigingstalet. Vi ser av grafen at vi får same resultat om vi tar utgangspunkt i punktet (2, 3).

Sist oppdatert 11.03.2020
Skrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen

Læringsressursar

Lineære funksjonar