Hopp til innhald

Fagstoff

Kalkyle i tenesteytande bedrifter

Ei tenesteytande bedrift sel tenester. Desse bedriftene yter kunden ei teneste, til dømes eit vektaroppdrag eller ein guida tur i Tromsø, og fakturerer gjerne talet på timar som er brukte på oppdraget.
Mann med verneutstyr som sagar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grunna den teknologiske utviklinga, og på grunn av at kunnskap og kompetanse er blitt så viktig, har det vore ein sterk auke i talet på tenesteytande bedrifter.

Tenesteytande bedrifter

Typiske tenesteytande bedrifter er rekneskapsbyrå, advokatkontor, bank, datafirma, snikkarar, sjåførar, vektarar og så vidare.

For store tenesteytande bedrifter kan prising av eit større oppdrag vere omfattande. Det kan dreie seg om konsulentoppdrag innanfor teknologi eller oljeverksemd. Her kan oppdraget gå over månader og år, og mange konsulentar vil vere involverte.

For små håndverksbedrifter er bildet enklere. Her blir det lagt vekt på kva de timane som blir leverte, koster bedriften. I tillegg til det kvar enkelt medarbeidar som hjelper kunden, kostar, må òg dei andre kostnadene i bedrifta kalkulerast inn.

Utrekning av timepris

Det er som regel ikkje mogleg å ha ein handverkar ute i inntektsbringande arbeid 52 veker i året. Feriar, helgedagar, fråvær og kursing må også reknast inn. La oss seie at handverkaren kan vere disponibel 24 veker i året, fem dagar i veka. Det blir 210 arbeidsdagar i året.

Det er heller ikkje mogleg å belaste kundane med 100 % av den disponible tida. Det er vanleg – alt etter bransje – å rekne utnyttingsgraden til å vere 70–80 %. Ved 80 % utnytting vil ein arbeidsdag på 7,5 timar gi ei salbar tid på 6 timar per dag eller 1260 timar i året. (7,5·0,80·210).

Dersom bedrifta har fem handverkarar, vil talet på timar bli 6300 (1260·5).

Dei totale kostnadene for heile bedrifta i året blir så fordelt på timane. Har bedrifta kostnader på 2 500 000 kroner, vil kostprisen bli 397 kroner (avrunda).

For å få eit overskot, må vi leggje til ei forteneste på kostprisen. Eit ønske om ei forteneste på 15 % vil gi ein timepris på 457 kroner (397·1,15).

Under er dømet vårt sett opp i ein tabell.

Døme Kommentar/utrekning
Totale kostnader 2 500 000
Effektive timar6300 42·5·7,5·0,8·5
Kostpris397 2 500 0006300
+ 15 % forteneste 60 397·15%
Timepris til kunde457 Timepris eksklusiv merverdiavgift

Oppgåve

Kontroller utrekningane i dømet.

Kva blir timeprisen inklusive merverdiavgift?

Kva går tida som ikkje kan fakturerast kunden, med til?

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.04.2018

Læringsressursar

Produktkalkylar