Hopp til innhald

Fagstoff

Sjølvkostkalkylen

Ei produksjonsbedrift kjøper inn råvarer som dei bruker i ein produksjonsprosess. Dei sel altså eigenproduserte produkt. Tenesteytande bedrifter har timepris som direkte kostnad. I begge tilfella er sjølvkostkalkylen godt eigna.
Ei kvinne overvaker ei produksjonslinje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis reknar ei produksjons- eller tenesteytande bedrift ut prisane på produkta ho produserer? Arbeidet med å finne prisen for eigenproduserte varer er ofte meir komplisert enn for handelsvarer.

Kostnadsbasert prissetjingmetode

Sjølvkostkalkylen blir brukt i ein kostnadsbasert prissetjingmetode. For mange bedrifter er produktet bedrifta produserer, meir særeige, og prisen er derfor ikkje gitt i marknaden. Då må bedrifta først rekne ut alle kostnader knytte til dette produktet før bedrifta legg til ønskt forteneste og finn basisprisen.

Utrekninga skal sikre at alle kostnadene, både dei direkte og dei indirekte, blir teke med.

Modell som viser samanhengen mellom prissetjingsmetodar og kalkylar. Under prissetjingsmetodar står det verdibasert/marknadsbasert, kostnadsbasert, konkurransebasert og dynamisk prissetjing. Frå metodane verdibasert/marknadsbasert, kostnadsbasert og konkurransebasert står det piler vidare til priskalkylar, og under det står det først bidragskalkyle, så står det sjølvkostkalkyle, avansekalkyle og påslagskalkyle, og til slutt står det bidragskalkyle igjen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølvkostkalkylen

Når vi bruker sjølvkostkalkylen, tek vi utgangspunkt i innkjøpsprisen for eit produkt. Deretter legg vi på dei andre direkte kostnadene som frakt og eventuelle tollavgifter. Summen av innkjøpspris og andre direkte kostnader blir kalla inntakskost.

Tabell som viser ein sjølvkostkalkyle. Tabellen viser at inntakskost pluss indirekte kostnader er lik sjølvkost, at sjølvkost pluss forteneste er lik pris utan mva., og at pris utan mva. pluss mva. er lik pris med mva.
Illustrasjon.

Bedrifta må i tillegg få dekt faste kostnader som til dømes husleige, forsikringar og løn. Desse kostnadene blir lagde til som ein prosentsats på alle produkt, og i sjølvkostkalkylen heiter det indirekte kostnader. Indirekte kostnader blir rekna i prosent av inntakskost.

Summen av inntakskost og indirekte kostnader heiter sjølvkost.

Bedrifta skal tene pengar, og fortenesta blir rekna i prosent av sjølvkost.

Prosentsatsane for indirekte kostnader og forteneste er ofte satsar som blir rekna ut av bedrifta på bakgrunn av rekneskapen, og som blir lagde til alle produkt som blir selde.

Salsprisen utan meirverdiavgift er no rekna ut, og vi må berre leggje til meirverdiavgift, slik at vi får ein basispris inklusiv meirverdiavgift.

Kalkulasjon etter sjølvkostkalkylen:

Innkjøpspris960,00 kr+ andre direkte kostnader50,00 kr=inntakskost1010,00 kr+ indirekte kostnader606,00 kr= sjølvkost1616,00 kr+ forteneste485,00 kr= salspris utan meirverdiavgift2101,00 kr+ meirverdiavgift525,25 kr= salspris med mva.2626,25 kr


Kalkylen over viser prisen vi bør ta for produktet, altså 2626,25 kroner. Viss marknaden ikkje er villig til å betale den prisen, løner det seg ikkje å produsere vara.

Justering av basispris

Avhengig av kva marknad du skal selje produktet i, er det vanleg å vurdere om det er lurt å justere basisprisen.

Vi kan justere basisprisen med psykologisk prising, med prisdifferensiering eller med rabatt og bonusordningar.

Tenk over

Basisprisen på ein sykkel blir rekna ut til å bli 2626,25 kroner. Kva vil du foreslå å justere prisen til?

Brevandring med guide på Fanaråken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenesteytande bedrifter

Tenesteytande bedrifter kan til dømes vere destinasjons- og opplevingsselskap, frisørar, konsulentfirma, snikkarar og vektarar.

I tenesteytande bedrifter blir det lagt vekt på kva dei timane som blir leverte, kostar bedrifta. I tillegg til det den enkelte medarbeidaren som hjelper kunden, kostar, må òg dei andre kostnadene for bedrifta kalkulerast inn.

For desse bedriftene er det timeprisen multiplisert med talet på timar som er den direkte kostnaden. Det kan òg vere andre direkte kostnader som skal leggjast til. Timar pluss andre direkte kostnader blir då inntakskost.

I priskalkylen for tenesteytande bedrifter utgjer inntakskost ofte ein prosentvis stor del av salsprisen.

Avansekalkylen

Tabellvisning av avansekalkyle. Tabellen viser at innkjøpspris pluss andre direkte kostnader er lik inntakskost, at inntakskost pluss avanse er lik pris utan mva., og at pris utan mva. pluss mva. er lik pris med mva. Illustrasjon.

Avansekalkylen er ein forenkla sjølvkostkalkyle. Utgangspunktet er dei direkte kostnadene og inntakskost. Avansebeløpet blir rekna i prosent av inntakskost og skal dekkje både indirekte kostnader og forteneste. Når inntakskost og avansebeløp er lagde saman, får du pris utan meirverdiavgift.

Påslagskalkylen

Tabellvisning av påslagskalkyle. Tabellen viser at inntakskost multiplisert med påslagstal er lik pris med mva. Illustrasjon.

Påslagskalkylen er òg ein sjølvkostkalkyle fordi han tek utgangspunkt i inntakskost, på lik linje med sjølvkost- og avansekalkylen. Utrekninga i påslagskalkylen er gjord enkel ved at inntakskost blir multiplisert med eit tal, og summen er den nye prisen inklusiv indirekte kostnader, forteneste og meirverdiavgift.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021

Læringsressursar

Produktkalkylar