Hopp til innhald

Fagstoff

Inntekter og pris

Skal ei bedrift overleve, må ho ha tilstrekkelege inntekter, og inntektene må vere større enn kostnadene. Her speler prisen på produktet ei viktig rolle. Prisen må ikkje vere for høg, for då mistar vi kundar. Den må heller ikkje vere for låg, for då taper vi pengar.
Bilde av penger
Opne bilete i eit nytt vindauge

To enkle reglar for prissetjing

Vi skal først sjå på nokre enkle prinsipp, der prisen er éin av fleire viktige faktorar.

Bedrifta vår sel til dømes to typar varer. Inntektene våre består då av talet på varer vi sel, multiplisert med prisen vi får for vara. Vi kan illustrere dette slik:

MengdPris per stk.Omsetjing
Vare A150507 500
Vare B3503010 500
Total omsetning 18 000
- Variable kostnader 10 000
= Dekningsbidrag8 000
- Faste kostnader 5 000
Resultat (overskot)3 000

Regel 1

Prisen vi får for den enkelte vara, må vere høgare enn prisen vi kjøpte vara for. Vi kallar dette dekningsbidrag (bruttoforteneste eller avanse). Dekningsbidraget skal bidra til å dekkje dei faste kostnadene.

Beløpet vi kjøper vara for, kallar vi den variable kostnaden. Denne kostnaden varierer alt etter som kor mykje vi sel.

Nokre gonger må vi selje enkelte varer til ein lågare pris enn vi kjøpte dei for. Det kan vere for vara er blitt ukurant (skadd, umoderne og så vidare).

Regel 2

Det samla dekningsbidraget må vere større enn dei faste kostnadene. Då får vi eit overskot.

Vi ser at den prisen vi får for vara, er ein svært viktig faktor i dette reknestykket. Den som sel vara, vil gjerne ha så høg pris som mogleg. Dei som kjøper varer, vil ha så låg pris som mogleg.

Men kva er det eigentleg som bestemmer prisane? Vi skal sjå på korleis prisen kan setjast for ei typisk handelsbedrift, ei produksjonsbedrift og ei tenesteytande bedrift.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.04.2018

Læringsressursar

Produktkalkylar