Hopp til innhald

Fagartikkel

Kvardagsmeistring under pandemien

Koronaviruset har gitt oss ein ny kvardag, og vi veit ikkje heilt kor lenge han vil vare. Somme synest denne kvardagen er mindre stressande, mens for andre er dette ei krevjande tid. Derfor er det eit viktig tema å snakke om på skulen, og det bør takast opp både i klassen og i elevsamtalar.

LK20
Kvinne med ansiktsmaske sit på eit tog og ser ut vindauget. Foto.

Folkehelseperspektivet – kva er det beste for folkehelsa?

Under ein pandemi må vi halde smitten i befolkninga under kontroll og sørgje for at færrast mogleg blir alvorleg sjuke og døyr. Vi snakkar om omgrep som flokkimmunitet, smittetrykk og felles dugnadsånd. Alt dette handlar om folkehelse. Vi er ikkje berre enkeltindivid, men viktige brikker i ein stor felleskap, der vi er avhengige av kvarandre.

Den psykiske helsa er òg ein del av folkehelseperspektivet. Når vi må vere meir heime, ikkje får klemme kvarandre og ikkje kan delta på fritidsaktivitetar og kulturelle arrangement, påverkar det tankane og kjenslene våre.

For dei av oss som allereie er einsame, har det vanskeleg heime eller strevar psykisk, kan slike tiltak ramme hardt. Vi kan bli dårlegare og få det verre. Dette må òg styresmaktene våre ta omsyn til når dei skal tenkje på folkehelsa. Dei må tenkje på kva som reddar flest liv og held flest friske, både fysisk og psykisk.

To gutar på vidaregåande skule sit ved eit bord overfor kvarandre i kantina, et og snakkar saman. Foto.

Korleis påverkar pandemien ungdom?

Mange lurer på korleis barn og unge blir påverka av pandemien. I media har fagpersonar og politikarar uttrykt bekymring, særleg for unge som hadde det vanskeleg heime frå før av.

Ei undersøking blant elevar i Oslo frå mai 2020 fann at pandemien påverkar dei fleste ungdommar negativt. Færre var nøgde med livet sitt enn dei var før pandemien hende, og fleire kjende på einsemd. Men tre av fire ungdommar meinte òg at tiltaka påverka dei positivt, fordi kvardagen blei meir oversiktleg og mindre stressande. Det gav rom for meir søvn, tid med familien og innsikt i kva som er viktig i livet.

Korleis har pandemien påverka deg?

Når mange rundt oss blir sjuke, og sjukdommen i tillegg kan vere alvorleg, er det fleire som blir redde og urolege. Vi kan kjenne frykt for å bli sjuke sjølv eller bli redde for at nokon vi er glade, i kan bli ramma.

Alt fokuset på pandemien pregar oss. Det blir snakka om sprengd kapasitet på sjukehusa, talet på døde og smittetal som aukar mange stader. Vi blir stadig minte på viruset gjennom plakatar, handsprit, og når vi ser folk gå med munnbind i butikkane.

Det er naturleg å bli redd når samfunnet rundt oss endrar seg raskt utan av vi veit når det skal gå over. Det kan vere vanskeleg å ta pausar frå alt fokuset på pandemien og heller tenkje på andre ting. Men pausar er avgjerande for at vi orkar å vere med på den felles dugnaden, og ikkje minst for at vi kan ha det bra, trass i alt.

Noko av det som hjelper aller mest på frykt og uro, er å snakke om det med nokon du stoler på – gjerne ein vaksen som kan sjå ting litt i perspektiv. Viruset er reelt. Det blir ikkje borte av at vi tenkjer på noko anna, men korleis vi handterer pandemien, påverkar korleis vi har det. Det er dette kvardagsmeistring handlar om – å finne nokre gode verktøy som gjer at vi kjem oss gjennom dagane på ein grei måte.

Kvardagsmeistring på heimeskule

Pandemien har gjort heimeskule vanleg for mange. Somme synest det å få digital undervisning heime fungerer godt og kanskje til og med betre enn å vere på skulen. Andre synest det er krevjande å halde fokus når mykje skjer digitalt.

Viss du synest det er vanskeleg å få gjort det du skal på heimeskule, så ta ein prat med kontaktlæraren din eller faglæraren i faget det gjeld. Du er ikkje aleine om å kjenne på dette. Også vaksne kan synast det er krevjande med heimekontor.

Vener har ein videosamtale på nett. Foto.

Sosial kompetanse på nett

Vi har etter kvart fått nokre gode rutinar for korleis vi opptrer i nettmøte. Til dømes kan det vere greitt å skru av mikrofonen når andre pratar for å dempe støy. Men kva med dei sosiale spelereglane vi vanlegvis held oss til?

Når vi treffest fysisk, les vi kroppsspråket til kvarandre heile tida. Gjennom gestar, lydar, tonefall og mimikk formidlar vi ofte meir enn gjennom dei orda vi seier. Når dette blir borte, eller svært avgrensa, kan vi streve med å tolke andre, og vi kan lettare misforstå andre sine signal.

I det sosiale samspelet bruker vi tilbakemeldingar frå andre til å vite når det er vår tur til å snakke, til å sjå om det vi seier blir motteke på ein god måte, og om stemninga mellom dei som snakkar saman, er god. Dette er noko vi må øve på for å kunne meistre. Alt dette er meir krevjande å gjere på nett.

Når ein i tillegg stengjer av mikrofonen og ofte òg videobiletet, kan det bli vanskeleg for den som snakkar å vite kva dei andre tenkjer. Dette kan føre til at folk blir usikre og redde for å seie noko høgt, og vi mistar viktig sosial trening.

Mangel på sosiale tilbakemeldingar kan gjere at somme kjenner på ei tomheit eller eit sakn etter bekrefting. Vi kan òg føle oss usynlege, sjølv når det er vårt eige val å skru av videobiletet. Men det å få ein sosial pause kan vere godt òg, så lenge det blir opplevd som frivillig.

Dette er noko de kan snakke saman om i klassen eller ein og ein med læraren. Kanskje de saman kan finne nokre gode sosiale spelereglar på nett?

To ungdommar joggar ned ei trapp. Foto.

Gode rutinar hjelper

Menneskekroppen er ikkje laga for å sitje heile dagen framfor ein skjerm. På skulen er vi i bevegelse og har planlagde pausar. Derfor er det lurt med ein struktur på heimeskulen, der du har faste pausar og faste oppgåver, der det å røre seg er ein av desse.

Å ete ordentleg lunsj gir eit godt pusterom og viktig påfyll. Kanskje kan du lunsje med nokon heime, saman med vener på nett, eller de kan møtast ute til ein tur? Somme klassar har god erfaring med at læraren set opp digitale lunsjgrupper, så alle i klassen blir inkluderte.

Ein kan ikkje forvente at heimeskule skal kunne erstatte den vanlege skulekvardagen, men god tilrettelegging kan gjere det lettare å lære og å ha det bra på heimeskulen. Viss ikkje skulen legg opp nok tid til pausar og bevegelse, kan du ta dette opp direkte med læraren din eller gjennom elevrådet.

Denne artikkelen er skriven av Skoleprogrammet VIP.

Kjelder

Bakken, A., Pedersen, W., von Soest, T. & M. Aa. Sletten (2020). Oslo-ungdom i koronatiden. En studie av ungdom under covid-19-pandemien (NOVA Rapport 12/20). Henta frå https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/bitstream/handle/20.500.12199/4221/NOVA-rapport-12-2020.pdf?sequence=3&isAllowed=y

Nasjonalforeningen for folkehelse (2019, 10. januar) Hva er folkehelse? Henta frå https://nasjonalforeningen.no/medlemsnett/aktivitetsbank/lokalt-folkehelsearbeid/hva-er-folkehelse/

Sist oppdatert 20.12.2020
Skrive av Jorid Bakken Steigum

Læringsressursar

Psykisk helse