Hopp til innhald
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Tidstjuven

Per Olav Kaldestad er forfattar. Han har også jobba som lærar. Han er best kjend for barnebøkene sine.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06

Lytt til teksten

"Tidstjuven"

0:00
-0:00

Tidstjuven

I

Har du tid?
Eg vil ha!
Du har tid,
eg skal ta
tida di!
Hoppetid,
stoppetid,
shoppetid,
hei!
Sloppetid,
ploppetid,
loppetid,
lei!
Har du tid?
Eg vil ha!
All di tid
skal eg ta!

II

All di tid
skal eg ta!
All di tid
vil eg ha!
Diggetid,
riggetid,
piggetid,
ta!
Hastetid,
rastetid,
kastetid,
ha!

III

Du har tid,
eg vil ha!
Gåtid,
ståtid,
bråtid,
ja!
Gå på skrå-tid,
stå på tå-tid,
så som så-tid,
rati ta!

Sist oppdatert 09.11.2018
Skrive av Per Olav Kaldestad

Læringsressursar

Lyrisk diktning