Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dikt er så mangt

Kva er eigentleg eit dikt? Det kan det vere vanskelegare å setje ord på enn du trur, men prøv deg med litt hjelp frå døma våre.

Del 1

  1. Sjå gjennom presentasjonen under. Her blir ei rekkje dikt referert til. Skriv ein definisjon av kva eit dikt er med eigne ord etter å ha lese dikta.
  2. Samanlikn definisjonen din med andre i klassen. Har de skrive det same?

Del 2 - Vi jaktar vidare på definisjonen av dikt

Under ser du utdrag frå diktet “Ord over grind” av Halldis Moren Vesaas.

  1. Skriv ned eitt argument som skal forklare kvifor dette er eit dikt. ("Dette er eit dikt fordi...")
  2. Samanlikn med tre andre i klassen: Kven av dykk har den beste forklaringa?

Ord over grind

Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

(Halldis Moren Vesaas, 1955)

Del 3 - No blir det vanskelegare

Men kva med dette diktet av Petter Solberg. Kvifor er det eit dikt? Diskuter i grupper. Grunngir de på same måte no som då de skreiv definisjonen av diktet til Halldis Moren Vesaas?

hva hjelper det
å stikke fingrene i halsen

når det er tankene du vil bli kvitt

Og viss du òg skal bruke eit av Noregs mest kjende dikt: Jan Erik Volds "Kulturuke", kan det vere det ikkje blir enklare å skrive ein presis definisjon:

Forsøk på ei løysing

Dei fleste vil svare at teksten til Halldis Moren Vesaas er eit dikt fordi

  1. linjene ikkje blir fylte ut til høgremargen.
  2. teksten har rim.

Når det gjeld Solbergs dikt, så har jo det òg linjer som ikkje går ut til høgremargen. Men det har ikkje enderim. Er ujamn høgremarg det einaste kjenneteiknet på eit dikt?

Det er nok ikkje så lett å definere akkurat kva eit dikt er. Men har du skrive at “det er kort”, “få ord skal bety mykje” eller "det skal utfordre oss til å tenkje nytt eller vere til ettertanke", så er du absolutt inne på noko.

I dag er det vanleg at diktarar eksperimenterer mykje med både form og innhald. Faktisk blir det nesten ikkje gitt ut lyrikk med enderim lenger i bokform.

Litteratur

Solberg, P. (2008). Dikt utan tittel. Publisert på NDLAs nettsider.

Vesaas. H.M. (1955). "Ord over grind" frå I ein annan skog. Oslo. Aschehoug.

Vold. J.E. (1969). "Kulturuke" i Kykelipi. Oslo. Gyldendal.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2020

Læringsressursar

Lyrisk dikting