Hopp til innhald

Fagstoff

Internett og e-handel

Dei aller fleste aktørane i reiselivet har eigne nettsider og er også knytte til større nettportalar. Ved utforminga av ein nettstad er det viktig å vite kva ein ønskjer å oppnå, og å presentere ein bodskap som med få ord blir forstått og «treffer kunden heime».
En kvinne ser etter en innkvartering i Berlin med mobilapplikasjonen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Visit …

Leverandørar innan reiseliv kan anten utforme sin eigen nettstad eller knyte seg til ein større portal.

Ein viktig nettportal for reiselivet i Noreg er VisitNorway.no. Offisielle internettstader, både nasjonale, regionale og lokale, bruker ofte visit i Internett-adressa, til dømes VisitGreece.com, www.visitdenmark.com, http://www.visitbergen.com og http://www.visitlofoten.com.

Sosiale medium blir stadig viktigare, mellom anna Facebook. Enkelte destinasjonar har oppretta eigne grupper på Facebook, til dømes Hellas.

Tips for satsing på Internett

  • Ha det klart føre deg kva du vil med satsinga. Før du set i gang, bør du ha ein visjon om kva du tek sikte på å oppnå med satsinga på Internett. Det er betre å komme litt forseinka på nettet enn å vere først med ein dårleg presentasjon.
  • Finn ei nettløysing som passar til den eksisterande organisasjonen. Har medarbeidarane nødvendig kompetanse og tid til å kommunisere over Internett? Er organisasjonen tilpassa Internett? Viss ikkje bør du antakeleg først gjere noko med det.
  • Vel løysingar som gir meirverdi. Informasjonen pånettet bør ikkje vere kopi av det som finst i trykte medium. Ei god nettløysing gir ny og spennande informasjon.
  • Nettsider med raske søk. Den typiske nettkunden har dårleg tid, og det bør derfor ta kort tid å finne fram all vesentleg informasjon. Store bilete, lyd og videofilm kan vere spennande og informativt, men det kan ta lang tid å laste ned.
  • Presentasjon på lesaren sine premissar. Du kjenner uttrykket «som ein ropar i skogen, får ein svar»? Set deg i lesaren sin stad når du skal presentere produkta og tenestene. Ta til med det som er det viktigaste for dei kundane du ønskjer å nå.
  • Bruk Internett for benchmarking. Både konkurrentar og andre fornyar stadig bruken av Internett. Kva er bra, og kva er dårleg? Ved å studere korleis andre bruker Internett, kan du få idear om kva du kan gjere betre på dine eigne sider.
  • Vel ei løysing som gjer det lett å endre raskt. Vakne konkurrentar bruker også Internett. Derfor er det viktig å velje ei teknisk løysing som – utan kostbar og tidkrevjande eksperthjelp – gjer det mogleg å endre tekst og layout raskt.
  • Lag budsjett for både ny løysing og vedlikehald. Nettsider er «ferskvare» – dei blir smaklause viss dei ikkje blir fornya. Ingen gidd å oppsøkje nettsider som inneheld det same veke etter veke.
  • Ha éin ansvarleg nettredaktør. Ansvaret for satsinga på Internett bør vere klart plassert. Uansett kor liten organisasjonen er, bør ein peike ut éin ansvarleg nettredaktør.

Benchmarking – «å merkje ut benken» – er eit uttrykk frå handverksbedrifter og går ut på at ein skulle samanlikne seg med og lære av benken der den beste handverkaren jobba. I denne samanhengen bruker vi det om å samanlikne effektiviteten i vår eiga verksemd med dei bedriftene og organisasjonane vi oppfattar som «dei beste». Samanlikninga kan omfatte produktivitet, kvalitet og arbeidsprosessar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019

Læringsressursar

Marknadsføring