Hopp til innhald

Film og filmklipp

Den livsviktige berøringa

Huda er det største sanseorganet vi har. Når nokon tek på oss, får vi stadfesta at vi finst til.
Følesansen er den første sansen som blir utvikla i fødselsprosessen, og den siste som forlet
oss når vi døyr.

LK06

Berøring er ein føresetnad for danninga av sosiale relasjonar. Positiv berøring betyr mykje for velveret og for helsa vår. For nyfødde er ho like viktig som mat og drikke! Fysisk berøring kan dessutan verke som grenseoverskridande kommunikasjon ovafor sjuke, psykisk og og fysisk funksjonsvekka, personar med demens og dei som snart skal døy.

I filmen møter du ein fotterapeut og ein hjelpepleiar på ein spesialsjukeheim for demente. Kva slags erfaring har dei med berøring i arbeidet? Korleis bruker dei berøringsteknikkar bevisst? Vi møter óg ein professor i psykologi som har forska på emnet.

Sist oppdatert 14.11.2018
Rettshavar: Terranova Media

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?