Hopp til innhald

Fagartikkel

Eg-bodskap og du-bodskap

I hovudsak er ein eg-bodskap betre enn ein du-bodskap. Du-bodskapen skaper ofte avstand og gir mottakaren ei kjensle av å bli verbalt angripen, mens ein eg-bodskap oftare seier noko om eigne behov og eigen reaksjon.

LK20LK06
Ei vaksen kvinne sit på huk framfor ein liten gut på trehjulssykkel. Ho held fram hendene mot guten og ser streng ut. Foto.

Om eit barn har teke noko eg har sagt det ikkje skal ta, så kan eg seie: "Eg liker at du høyrer på meg. Eg sa du ikkje skulle ta det. Eg er redd for at det skal bli øydelagt, og eg treng det for å gjere ferdig …". Dette er ein eg-bodskap der eg snakkar om meg sjølv og korleis eg opplever situasjonen, kva eg sjølv har gjort, og mine eigne behov.

Nagativ og dømmande

Ein du-bodskap kunne vere: "Du er heilt umogleg, du høyrer aldri på meg". Kjenneteiknet på ein du-bodskap er at vi seier noko negativt og dømmer den andre.

Dette betyr òg at vi må skilje mellom barnet og visse ting barnet gjer. Om barnet til dømes slår eller tek noko frå eit anna barn, er det viktig at vi snakkar om det barnet har gjort, ved til dømes å seie at det ikkje er lov å slå, og at det gjer vondt.

Det vi bør unngå å gjere, er å dømme sjølve barnet ved å seie at "no var du slem", eller at det er slemt, umogleg, vanskeleg eller liknande. Denne typen negative du-bodskap om barnet er med på å svekkje relasjonen mellom oss og barnet, og det gjer det vanskelegare for oss å endre uønskt åtferd. Det kan òg svekkje sjølvtilliten til barnet og viljen barnet har til å samarbeide med oss.

Utfordringar til deg

  1. Forklar kva ein eg-bodskap er.
  2. Forklar kva ein du-bodskap er.
  3. Gi døme der du nyttar eg-bodskap og du-bodskap når eit barn har teke ei leike som tilhøyrer eit anna barn.
  4. "Ingen er nødt til å være flink, men ingen kan slippe å være god" er eit sitat av Jean-Louis Guez de Balzac. Hvordan tolkar du dette sitatet?

Kjelde

Guez de Balzac, J. L. (u.å.). Siterte sitater. https://www.ordtak.no/index.php?fn=Jean-Louis%20Guez%20de&en=Balzac

Sist oppdatert 03.05.2021
Skrive av Guri Bente Hårberg, Hans Holter Solhjell og Gro Nedberg Grønlid
Rettshavar: Amendor AS

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?