Hopp til innhald

Film og filmklipp

Teikn til tale

Teikn kan forsterke det språket barnet har. Teikn til tale kan vere eit hjelpemiddel mellom anna for barn med sein språkutvikling, det kan nyttast både av barn utan språk og av barn med dårleg språk.

LK20LK06

Teikn kan

  • gjere det mogleg for barnet å kommunisere med dei andre barna
  • forsterke dei lydane og orda barnet har
  • gjere barnet meir konsentrert om det som blir sagt
  • ofte føre til at den som pratar, snakkar tydelegare og seinare

Dersom du arbeider i ein barnehage der dei nyttar teikn til tale, får du opplæring i å bruke det.

Søkjer du etter "teikn til tale" på internett, finn du fleire gode sider om emnet.

Sist oppdatert 24.09.2018
Skrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?