Hopp til innhald

Oppgåve

Forseinka språkutvikling

I filmklippet frå NRK kan du lære meir om skilnaden på om eit barn er seint ute med å byrje å snakke, eller om barnet har språkvanskar. Det er stor individuelle skilnader i språkutviklinga til barn, og nokre gonger kan språkvanskar vere årsaka til forseinka språkutvikling.

LK20LK06

Nokre barn kan ha språkvanskar. Dei kan ha vanskar med å forstå kva som blir sagt. Nokre kan ha vanskar med å uttale orda eller med å finne ord når dei vil uttrykkje seg. Nokre barn kan ha vanskar med å nytte språket i sosiale samanhengar. Nedsett høyrsel kan nokre gonger vere årsaka til forseinka språk.

Språk er viktig for læring og sosialt samspel med andre. Vi nyttar språket for å skape fellesskap, venskap og når vi samhandlar med andre, og det er med på å gi oss ein identitet. Språk er ein reiskap til å tenkje og forstå, og vi nyttar det til å uttrykkje forståing, meiningar og kjensler. Vi nyttar språket heile tida, og det å skape gode språkmiljø der barna får nytte språket i mange situasjonar og på ulike måtar, er viktig for å stimulere språkutviklinga.

Oppgåver

  1. Korleis kan du oppdage at eit barn har språkvanskar?

  2. Kva kan du gjere dersom du oppdagar at eit barn har forseinka språkutvikling eller språkvanskar?

  3. Korleis kan du invitere eit barn som snakkar lite, til å nytte språket meir i ulike situasjonar? Beskriv og gi døme.

  4. Kvifor er det viktig at barn med språkvanskar får hjelp tidleg?

  5. Språk har mykje å seie for identiteten til barnet, kvifor?

  6. Barn kan oppleve stor frustrasjon når kommunikasjonsforsøka deira ikkje blir oppfatta eller blir misforståtte. Forklar korleis du kan vere ein omsorgsfull og sensitiv samtalepartnar. Bruk fleire døme, og grunngi kvifor dette er viktig.

  7. Diskuter følgjande påstand: Barn som har språkvanskar, er som regel kompetente barn som ikkje får vist heile potensialet sitt på grunn av språkvansken.

Sist oppdatert 19.05.2021
Skrive av Vigdis Haugan og Siv Stai

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?