Hopp til innhald

Fagartikkel

Viktig å høyre til

Når barn er saman, oppdagar dei fort at alle i gruppa har karaktertrekk som gjer dei ulike. Dermed blir dei i neste omgang merksame på kven dei sjølve er. Barn skjønner lettare kvifor vi har sosiale reglar når dei kan utforske dei i lag.

LK20LK06
Barn som syng i kor, med munnen på vidt gap. Foto.



Barn får trening i å leve og arbeide saman når dei deltek i grupper. Evna til å tenkje og resonnere utviklar seg fortare, og dei tileignar seg den sosiale kompetansen som er nødvendig for å delta i samfunnslivet seinare.

I grupper lærer barna å forstå tankane og kjenslene til andre menneske og å akseptere korreksjonar. Dei lærer å fremje eigne ønske og behov, samtidig som dei erfarer at dei ikkje er åleine og ikkje alltid kan få viljen sin.

Det å kunne oppføre seg slik at ein blir likt og akseptert av andre barn, er dessutan viktig for sjølvbiletet. Det gir barnet ei stadfesting på at det er verdt noko. Denne opplevinga tek vi med oss vidare. Ho gir tryggleik og sjølvtillit, og vi taklar motgang betre seinare i livet.

Men det kan vere ein skummel prosess. Ikkje alle barn får vere med på leiken. Det å ikkje ha vener eller bli avvist av andre barn i barnehagen, i skulen eller i fritidsklubben, kan setje varige spor. Vi kan lett få ei negativ innstilling til omgivnadene og miste trua på oss sjølve.

Kva gjer barn for å komme inn i eit fellesskap?

Barn flest trivst i lag med andre barn. Dei er gjensidig opptekne av kvarandre og vil gjerne leike saman. Eit blikk, eit smil eller eit nikk er vanlegvis nok, så er leiken i gang.

Når to eller fleire barn har funne kvarandre og er godt i gang med ein aktivitet, kan det vere vanskeleg for andre barn å få vere med.

Barna som blir ståande utanfor, prøver på ulike måtar å bli med i leiken. Viss dei ikkje lykkast i eit forsøk, prøver dei som regel igjen med ein ny strategi. Som oftast går dei varsamt fram.

Strategiar for å bli med i ei gruppe

Barnet kommenterer leiken eller foreslår noko som kan gjere han meir morosam, i håp om å bli inkludert. Det er ofte ein vellykka strategi.


Barnet heldt seg nær dei som leikar og gjer det same som dei, eller gjer noko liknande, men utan å blande seg inn. Denne strategien fører ofte fram.


Barnet foreslår ein ny leik eller aktivitet som verkar meir morosam enn den dei andre held på med. Eit slikt initiativ har god sjanse for å lykkast.

Ifølgje forsking på åtferda til små barn mislykkast barna i dei fleste forsøk på å få innpass i ei leikegruppe som alt er etablert. Dei gongene dei utanforståande lykkast, kjem det av at dei har nytta forsiktige strategiar som parallell-leik og etablering av ny leik. Slike tilnærmingsmåtar blir ikkje sette på som innblanding.

Når barna blir eldre, byter dei ut leiken med andre aktivitetar. Men strategiane for å påverke og bli innlemma i nye grupper er grovt sett dei same.

På mange måtar er ei gruppe med barn eit samfunn i miniatyr. Alle mekanismane som barna erfarer her, møter dei igjen i andre grupper i ungdommen og i vaksen alder.

Vi identifiserer oss med dei andre i gjengen, kjenner lojalitet til fellesskapet og ønskjer å vere som dei andre. Vi vil kle oss på same måte, digge den same musikken og dyrke dei same interessene.

Gul andunge står utanfor ei gruppe med svarte andungar. Foto.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig for menneske å delta i ei gruppe?
  2. Kva lærer vi i grupper?
  3. Forklar kva å «akseptere korreksjonar» betyr.
  4. Kva betyding kan gruppetilhøyrsel ha for sjølvbiletet?
  5. Kva strategiar kan barn bruke for å bli ein del av ei gruppe?
  6. Kva strategiar meiner du er uheldig for å bli med i ei gruppe?
Sist oppdatert 10.10.2021
Skrive av Einar Gjærevold, Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Grupper og kommunikasjon