Hopp til innhald

Oppgåve

Vi må sjå og våge å handle

Du er viktig for barn og unge. Vi må vere interesserte i å finne ut korleis barn og unge eigentleg har det. Vi må sjå, spørje, lytte og prøve å forstå. Då kan vi både hindre mobbing og skape betre kvardagar for det enkelte barnet og barnegruppa.

LK20LK06

Oppgåver

  1. Mobbing. Svar på spørsmåla og gi døme

    1. Kva er mobbing?

    2. Kva er direkte mobbing?

    3. Kva er indirekte mobbing?

    4. Kva er nettmobbing?

  2. Korleis kan du oppdage mobbing ved å sjå på kroppsspråket til barna?

  3. Korleis kan du styrkje sjølvkjensla og sjølvtilliten til barn og unge? Kvifor er dette viktig for å førebyggje mobbing?

  4. På kva måte kan det å dele i jente- og gutegrupper bidra i det førebyggjande arbeidet?
  5. På kva måte kan individuelle samtalar med den/dei som mobbar, den som blir mobba, og føresette bidra til å stoppe mobbing? Beskriv korleis du ville gjennomført slike samtalar.

  6. Kvifor er haldningane dine til mobbing viktig i det førebyggjande arbeidet?

  7. Diskuter i klassen: Korleis kan de bidra til å førebyggje mobbing?

Vaksne må tole å sjå, tole å høyre og våge å handle

  1. Kvifor er det så viktig at vi ser kva som skjer i samhandlinga mellom barna? På kva måte kan du sjå kva som går føre seg mellom barn? Forklar, gi døme og grunngi.

  2. Vi må våge å handle for å stoppe mobbing. Korleis kan du stoppe mobbing? Forklar, gi døme og grunngi.

  3. Over halvparten av barn og unge som mobbar, har vorte mobba sjølve. Dei kan ha lågt sjølvbilete, og dei kan ha det vanskeleg heime.

    • Korleis kan du møte barn som mobbar, på ein god måte, slik at dei opplever at dei er verdifulle, samtidige som du skal stoppe det dei gjer? Forklar, gi døme og grunngi.

  4. Det er viktig at barn og unge seier frå om mobbing.

    • Korleis kan du oppmuntre barn til å seie frå, og korleis kan du opptre for at barn får tillit til deg og opplever at det er greitt og trygt å seie frå? Forklar, gi døme og grunngi.

  5. Barn og unge som opplever mobbing, kan ofte oppleve skuld og få dårleg sjølvkjensle, noko som kan gjere det vanskeleg å fortelje om mobbinga.

    • Korleis kan du samtale med barn slik at dei opplever tryggleik og tør å fortelje deg om opplevingane sine? Forklar, gi døme og grunngi.

  6. "Korleis har du det eigentleg?" er eit spørsmål der vi signaliserer at vi er interesserte i å finne ut og forstå meir enn det barnet fortel og viser oss gjennom kroppsspråket.

    • Kvifor betyr det spørsmålet så mykje for barn og unge?

    • Kvifor er dette eit spørsmål du bør nytte for å førebyggje og stoppe mobbing?

    • Kvifor er det viktig at du gjer noko, når du har funne ut korleis barnet har det?

Sist oppdatert 23.10.2021
Skrive av Siv Stai
Rettshavar: Terranova Media

Læringsressursar

Grupper og kommunikasjon