Hopp til innhald

Øving

Yrkesetisk dilemma: Fritidsaktivitetar

Som barne- og ungdomsarbeider kan du støyte på vanskelege val. Då kan det vere smart å ha førebudd seg. Les gjennom problemstillinga og vel deretter eit av alternativa. Finn fram ein tekstbehandlar, for du skal grunngi valet. Til slutt skal du få nokon moment og sjå om du får nye refleksjonar.

LK06
To voksne som diskuterer med et barn i bakgrunnen. Tegning.

Ein far spør deg om råd. Han fortel at dottera på 8 år speler fotball, men at ho har lyst til å delta på endå fleire aktivitetar. Familien ønskjer å halde igjen slik at det ikkje blir for travelt for jenta, men samtidig ser dei at venninnene hennar deltek på fleire aktivitetar. Han lurer derfor på kor mange aktivitetar du meiner er passeleg.

Kva svarer du?

Skriv begrunnelse for val av alternativ før du ser på momenta som tilhøyrer alternativet.

Alternativ 1 – Du svarer at éin aktivitet er nok for denne aldersgruppa.

Dette må du tenkje over:

  • Kvifor vel du denne løysinga?
  • Kva erfaringar byggjer du svaret ditt på?
  • Kva fagstoff kan underbyggje dette svaret?
  • Korleis trur du far vil oppleve dette svaret?
  • Kva seier du dersom far i neste omgang seier til dei andre foreldra at du har sagt at éin aktivitet er nok?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 2 – Du svarer at du synest det er greitt med fleire ulike aktivitetar for denne aldersgruppa.

Dette må du tenkje over:

  • Kvifor vel du denne løysinga?
  • Kva erfaringar byggjer du svaret ditt på?
  • Kva fagstoff kan underbyggje dette svaret?
  • Korleis trur du far vil oppleve dette svaret?
  • Etter to månader kjem far bort til deg og fortel at han følgde rådet sitt, men no er dottera så sliten at dei må gjere noko. Kva svarer du?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 3 – Du seier at det vil variere frå barn til barn.

Dette må du tenkje over:

  • Kvifor vel du denne løysinga?
  • Kva erfaringar byggjer du svaret ditt på?
  • Kva fagstoff kan underbyggje dette svaret?
  • Korleis trur du far vil oppleve dette svaret? Diskuter dette i klassen din. Er de einige?
  • Kva døme har du som viser at barn er ulike også når det gjeld kor mange aktivitetar dei kan delta på?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Sist oppdatert 30.01.2019
Skrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Yrkesetiske valg