Hopp til innhald

Øving

Yrkesetisk dilemma: Julian øydelegg bibliotekbøkene

Som barne- og ungdomsarbeider kan du støyte på vanskelege val. Då kan det vere smart å ha førebudd seg. Les gjennom problemstillinga og vel deretter eit av alternativa. Finn fram ein tekstbehandlar, for du skal grunngi valet. Til slutt skal du få nokon moment og sjå om du får nye refleksjonar.

LK06
Barn som tegner i ei bok og en voksen som ser på. Tegning.

Bøkene i barnehagen står slik at det er lett for alle barna å få tak i dei, men så høgt at dei aller minste barna ikkje får tak i dei utan hjelp. Når Linnea kjem inn i leikekroken i dag, ser ho at Julian på 5 år sit og teiknar i ei av bibliotekbøkene. Dette er tredje gongen på kort tid at Julian gjer dette. Boka er heilt klart øydelagd.

Kva hadde du gjort om du var Linnea?

Skriv begrunnelse for val av alternativ før du ser på momenta som tilhøyrer alternativet.

Alternativ 1 – Ingenting. Barnehagen har ordningar som dekkjer det økonomiske.

Dette må du tenkje over:

  • Korleis grunngir du dette valet?
  • Korleis kan Julian lære at det er feil, dersom du ikkje seier noko til han?
  • Kva vil dei andre barna tenkje dersom dei ser at du ikkje reagerer på denne hendinga?
  • Kva vil dei andre tilsette seie dersom du ikkje reagerer?
  • Kor mange gonger kan Julian øydeleggje bøker før du vil gjere noko med det?
  • Kva for ein leiartype er du når du vel denne løysinga?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 2 – Du fortel han kor skuffa du er over handlinga hans, og fortel at du skal ta det opp med foreldra når dei kjem for å hente han.

Dette må du tenkje over:

  • Korleis grunngir du dette valet?
  • Kvifor fortel du at du er skuffa over handlinga og ikkje over han?
  • Korleis trur du Julian reagerer på denne tilbakemeldinga?
  • Korleis trur du han reagerer på at du seier at du skal prate med foreldra hans?
  • Korleis trur du dei andre barna reagerer på det du seier?
  • Kva gjer du om han begynner å gråte?
  • Kva gjer du dersom han ber deg om å ikkje seie det til foreldra, fordi dei vil bli sinte?
  • Korleis vil du hindre at dette skjer igjen?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 3 – Du tek han bestemt med deg bort frå dei andre og lèt han sitje åleine på kjøkkenet i fem minutt før du tek ein prat med han om det han har gjort.

Dette må du tenkje over:

  • Korleis grunngir du dette valet?
  • Korleis vil Julian oppleve det å sitje åleine på kjøkkenet?
  • Kva gjer du dersom han græt der inne?
  • Kvifor bør denne reaksjonsmåten vere godt drøfta før du eventuelt vel å bruke han?
  • Kva vil du seie til han?
  • Korleis skal du hindre at han gjer dette fleire gonger?
  • Korleis trur du dei andre barna vil reagere på denne reaksjonsmåten?
  • Korleis trur du foreldra vil reagere på reaksjonsmåten?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Sist oppdatert 30.01.2019
Skrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Yrkesetiske valg