Hopp til innhald

Øving

Yrkesetisk dilemma: Hygiene

Som barne- og ungdomsarbeider kan du støyte på vanskelege val. Då kan det vere smart å ha førebudd seg. Les gjennom problemstillinga og vel deretter eit av alternativa. Finn fram ein tekstbehandlar, for du skal grunngi valet. Til slutt skal du få nokon moment og sjå om du får nye refleksjonar.

LK06
To voksne og to barn på badet i  barnehagen. Tegning.

Du jobbar i Småbekken barnehage saman med mellom andre Natalie. Ein dag de begge har vore på badet med barn, oppdagar du at ho går ut frå badet utan å vaske hendene, sjølv om ho nettopp har bytt bleier på eitt av barna.

Kva gjer du?

Skriv begrunnelse for val av alternativ før du ser på momenta som høyrer til alternativet.

Alternativ 1 – Ingenting, eg kan ikkje blande meg i kva ho gjer.

Dette må du tenkje over:

  • Kvifor vel du dette alternativet?
  • Kva fordelar har dette for deg?
  • Korleis varetek du helsa til barn og vaksne i barnehagen når du vel dette?
  • Kva vil leiaren din og dei du jobbar saman med, synast om denne løysinga?
  • Tenk deg at ho går bort og lagar mat etterpå. Kva gjer du då?
  • Kva vil du gjere om du ser at ho tek eit barn opp i fanget og stryk det i ansiktet?
  • Kva vil du gjere om dette skjer igjen?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 2 – Seier ingenting, men fortel det til dei du jobbar saman med. De er einige med deg i at det er uhygienisk. De pratar ein del om dette.

Dette må du tenkje over:

  • Kvifor vel du dette alternativet?
  • Kva trur du vil skje vidare dersom du vel dette alternativet?
  • Kva vil Natalie tenkje om dette alternativet, trur du?
  • Er dette baksnakking?
  • Korleis verkar dette på miljøet på arbeidsplassen?
  • Kva haldningar viser du her?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 3 – Du går bort og ber om å få prate med henne. Utan at andre høyrer det, ber du henne om å vaske hendene sine.

Dette må du tenkje over:

  • Kvifor vel du dette alternativet?
  • Kva haldningar viser du ved å velje dette alternativet?
  • Kva gjer du dersom dette skjer fleire gonger?
  • Kva gjer du dersom Natalie blir sint på deg og ber deg slutte å blande deg?
  • Kva gjer du dersom Natalie takkar deg for at du minte henne på det?
  • På kva måte meiner du at du er profesjonell når du tek dette valet?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Sist oppdatert 30.01.2019
Skrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Yrkesetiske valg