Hopp til innhald

Øving

Yrkesetisk dilemma: Lone spør deg om prevensjon

Som barne- og ungdomsarbeider kan du støyte på vanskelege val. Då kan det vere smart å ha førebudd seg. Les gjennom problemstillinga og vel deretter eit av alternativa. Finn fram ein tekstbehandlar, for du skal grunngi valet. Til slutt skal du få nokon moment og sjå om du får nye refleksjonar.

LK06
Jente og voksen dame sitter ved et bord og samtaler. Illustrasjon.

Lone er 14 år og kjem frå ein familie der to av systrene har fått barn før dei blei 18 år. Lone ber om å få snakke med deg. Ho fortel at ho har ein kjærast som er 21 år, og at dei har bestemt seg for å ha sex. Lone lurer på korleis ho kan få tak i prevensjon.

Kva gjer du?

Skriv begrunnelse for val av alternativ før du ser på momenta som tilhøyrer alternativet.

Alternativ 1 – Du seier at ho er for ung til å ha sex, og at du derfor ikkje kan hjelpe henne.

Dette må du tenkje over:

  • Kvifor vel du denne løysinga?
  • Korleis vil du seie dette slik at Lone forstår kva du meiner?
  • Kva haldningar og verdiar viser du når du vel denne løysinga?
  • Kva signaliserer Lone når ho spør deg om hjelp?
  • Kva trur du Lone gjer når du har sagt nei til å hjelpe henne?
  • Vil du fortelje foreldra til Lone om spørsmålet du fekk? Grunngi svaret.
  • Kva gjer du dersom Lone tre månader seinare kjem og fortel at ho er gravid?
  • Kor mykje er du påverka av dine eigne erfaringar her?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 2 – Du låner henne nokre av dine p-piller og seier at ho snarast må bestille time hos lege for å få sine eigne

Dette må du tenkje over:

  • Kvifor vel du denne løysinga?
  • Kva haldningar og verdiar viser du når du vel denne løysinga?
  • Bruk fagstoff og grunngi kvifor dette er ei uprofesjonell og uakseptabel løysing.
  • Kvifor skal du aldri gi andre av medisinar som er utskrivne til deg?
  • Dette kan bli tolka som din aksept for å ha sex som 14-åring. Skal du gi aksept for det?
  • Kva trur du skjer dersom dette blir kjent?
  • Kor mykje er du påverka av dine eigne erfaringar her?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 3 – Du hjelper Lone med å bestille time hos helsesyster og fortel at ho kan hjelpe med slike spørsmål.

Dette må du tenkje over:

  • Kvifor vel du denne løysinga?
  • Kva haldningar og verdiar viser du ved å velje denne løysinga?
  • Kvifor gir du ikkje konkrete råd?
  • Kvifor seier du ikkje noko om kva du meiner om at 14-åringar har sex?
  • Kor mykje er du påverka av dine eigne erfaringar her?
  • Vil du fortelje nokon om spørsmålet? I tilfelle kven og kvifor?
  • Kva gjer du om ho fortel at dei skal møtast og ha sex same kveld, og det ikkje er mogleg å få time hos helsesyster same dag?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Sist oppdatert 30.01.2019
Skrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Yrkesetiske valg