Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ekskresjon

Alle dyr har behov for å skilje ut avfallsstoff frå forbrenningsprosessar, samt regulere vatn-og saltbalansen i cellene i kroppen. Ekskresjonsorgana bidreg til denne utskiljinga, og sørgjer for å halde ved lag eit stabilt indre miljø.

Ekresjonsorgana held ved lag konstant indre miljø

Dyr utvekslar stoff med det ytre miljøet dei lever i. Oppgåva til ekskresjonsorgana er å halde ved lag eit konstant indre miljø. Dette krev at det må vere ein balanse mellom den mengda stoff som dyret tek opp frå omgivnadene, og den mengda stoff som blir skilt ut.

Dei viktigaste oppgåvene til ekskresjonsorgana er å:

  • halde ved lag konsentrasjonen av løyste stoff (ioneregulering)
  • halde ved lag væskevolumet i kroppen (osmoregulering)
  • halde ved lag ein stabil pH i kroppsvæska
  • fjerne avfallsstoff frå forbrenningsprosessar i cellene
  • fjerne framande stoff

Væska rundt cellene må ha stabil samansetjing

Kroppen til fleircella dyr er sett saman av mange celler som er omgitte av ekstracellulær væske. Dersom cellene skal fungere, må væska rundt desse ha ei stabil samansetjing av løyste stoff.

Alle endringar i konsentrasjonane av løyste stoff i ekstracellulærveska vil føre til ein transport av vatn over cellemembranane. Cellene vil då anten ta opp vatn og svelle, eller miste vatn og skrumpe. Dette kan føre til at cellene døyr.

Under forbrenningsprosessane i cellene vil det heile tida bli danna avfallsstoff.

Ekskresjonsorgana sørgjer for at nitrogenbindingar og andre vassløyselege restprodukt kontinuerleg blir skilde ut.

Sist oppdatert 17.06.2019
Skrive av Jan Eivind Østnes

Læringsressursar

Ekskresjon hos ulike dyregrupper

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    EkskresjonDu er her

  • SubjectMaterialFagstoff

    Grunnprinsipp for ekskresjon

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ekskresjon hos ulike dyregrupper

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ekskresjon hos virveldyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Osmoregulering hos vannlevende dyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Osmoregulering hos landlevande dyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Nitrogenhaldige avfallsstoff

Oppgåver og aktivitetar