Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Gå i djupna på bruk av sosiale medium

Ungdommar flest bruker i stor grad sosiale medium til å halde seg orientert, og til å dele alt frå tankar og følelsar, til morosame videoar og interessante artiklar. Nokon ungdommar har kontoar i fleire sosiale medium, nokon har kanskje ingen.

Oppgåve

Lag ei undersøking om ungdommar sin bruk av sosiale medium, og presenter resultatet. Jobb gjerne i pargrupper.

Dette er nokre viktige steg på vegen:

  • Bestem dykk for kva slags metode de vil bruke: kvantitativ (mange informantar) eller kvalitativ metode (få informantar).
  • Vel så forma. Vil de bruke svarskjema eller intervju, eller kanskje begge delar?
  • Bestem dykk for kva de vil finne ut av, og lag spørsmål til spørjeskjemaet og/eller intervjuet.
  • Tenk over kva for ungdommar som skal delta i undersøkinga. De kan til dømes velgje fleire grupper/klasser på skulen, nokre elevar frå kvart trinn, eller kanskje skal de spørje om å få undersøke eit trinn på ungdomsskulen.
  • Tenk over korleis de skal få samla og vurdert resultata. Kan undersøkinga gjerast digitalt? Kan de filme eller ta lydopptak av intervju?
  • Korleis kan de leggje fram resultata? Ved kvantitative undersøkingar er det vanleg å vise tal og statistikkar. Tala kan til dømes visualiserast i søyle- eller kakediagram. Det fungerer også bra å vise sitat frå informantane.
  • Kan de trekkje inn andre relevante kjelder som set lys på det de har funne ut? Gjer eit kjeldesøk. Tips: Sjekk Statistisk sentralbyrå.

Legg fram resultatet for medelevar. Drøft funna, og reflekter over kva dei viser. Ser de nokon nye tendensar i ungdommar sin bruk av sosiale medium? Stemmer det med andre kjelder de har funne?

Sist oppdatert 11.01.2019
Skrive av Marthe Johanne Moe

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Gå i djupna på bruk av sosiale mediumDu er her

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver om banneord

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Påverknad frå engelsk

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kebabspråk

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen Emojiar, eit nytt verdsspråk?