Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Påverknad frå engelsk

Oppgåve 1

Ta for deg ein TV-serie du følgjer:

  • Kor mange engelskspråklege frasar og uttrykk bruker du sjølv frå TV-serien?
  • Når og med kven? Kvifor brukar du dei?

Oppgåve 2

Bla i denne alfabetiske avløysarordlista frå Språkrådet: Språkrådets avløserordliste.

  • Finn døme på avløysarord du sjølv bruker, og nokre du ikkje kjenner til.
  • Seier du matkvern eller foodprocessor?
  • Kva avgjer om du vel det engelske ordet eller det norske?

Oppgåve 3

Drøft spørsmåla:

  • Truar påverknaden frå andre språk det norske språket? Vil det norske språket forsvinne?
  • Er du redd for ei slik utvikling? Kvifor/kvifor ikkje?

Oppgåve 4

Bruk den digitale ordlista Urban Dictionary og lag ein quiz der du utfordrar klassekameratane dine til å forklare uttrykka du har plukka ut.

Oppgåve 5

Drøft spørsmåla:

  • Kvifor ville du sannsynlegvis reagere om ein godt vaksen person bruker uttrykk som "chille", "dude" og "babe"?
  • Korleis vil du knytte det til det du har lært om kommunikasjon og kultur?
Sist oppdatert 19.12.2018
Skrive av Eli M. Huseby

Læringsressursar

Medium og ungdomskultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Gå i djupna på bruk av sosiale medium

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver om banneord

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Påverknad frå engelskDu er her

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kebabspråk

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen Emojiar, eit nytt verdsspråk?