Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Elocutio

Når du skal framføre ein bodskap, kan du gjere det i ulike sjangrar og med mange forskjellege verkemiddel. Du vel ikkje same ord i ein tale til familien din som når du skal halde eit debattinnlegg. Korleis finn du dei rette orda?

Jan Erik Vold live. Foto.

Jan Erik Vold framfører eigne dikt til Chet Baker sin musikk. Vold har vurdert kva for ord han skal bruke og korleis han skal framføre dei.

Stil og sjanger

Som regel vil du i ei skuleoppgåve få beskjed om kva sjanger teksten din skal vere i. Du har lært kva som kjenneteikner dei ulike sjangrane når det gjeld stilnivå, innhald og form. Som regel er det lurt å ikkje bryte med desse sjangerforventningane. Du må difor tenkje over kva for stil som skal prege teksten din.

Humor og ironi fungerer dårleg i ein artikkel eller ein jobbsøknad, men kan gjere stor lukke i eit kåseri. I ein artikkel vil vi derimot gjerne leggje oss på ein sakleg stil med meir eller mindre nøytral ordbruk. Vi bruker gjerne omgrepa høgstil, middelstil og lågstil for å forklare forskjellane på stilnivå.

  • Høgstil er når du bruker eit formelt og høgtideleg språk, gjerne med framandord eller mange språklege bilete. Det blir gjerne brukt høgstil når ein snakkar om alvorlege emne.
  • Lågstil er når du bruker eit munnleg språk med slang og banneord. Tradisjonelt blir lågstil knytt til kjensler og brukt for å skape humor eller vise aggresjon.
  • I dei fleste tekstar du skal lage på skulen forventar vi middelstil, som altså legg seg mellom det høgtidlige og det veldig uformelle.

Mottakarbevisstheit

Du må også ta omsyn til kven som er mottakar. Du snakkar og skriv annleis til barneskuleelevar enn til studentar på universitetet, sjølv om temaet er det same. Mottakarane har ulikt kunnskapsnivå. Du må altså tilpasse språket ditt til høvet. Slike vurderingar høyrer heime i elocutiofasen.

Stordalen vel stil på foredrag

Sist oppdatert 14.12.2018
Skrive av Torgrim Gram Økland, Marita Aksnes og Marthe Johanne Moe

Læringsressursar

Kva vil vi med teksten?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Læringssti

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkfunksjonar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sanningsinnhaldet i ei ytring

  • SubjectMaterialFagstoff

    Språkhandlingar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Indirekte språkhandlingar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Retorikk

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dei fem arbeidsfasane i retorikken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Inventio - idemyldring

  • SubjectMaterialFagstoff

    ElocutioDu er her

  • SubjectMaterialFagstoff

    Memoria

  • SubjectMaterialFagstoff

    Actio

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dei tre appellformene

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kairos og aptum

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ulike talemåtar

Oppgåver og aktivitetar