Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulikt tonelag kan gi ulike tydingar

På norsk skil vi mellom «bønder» og «bønner» – ikkje berre i skrivemåten, men også i uttalen. Vi et bøner og ber bøner, men vi et ikke bønder. Klarer du å høyre forskjellen på desse orda?

Flere kor er samlet til julekonsert i Oslo domkirke. Foto.

Vi kallar dette tonelag eller "tonem". I norsk språk har vi to tonem. Dei ulike måtene å uttale ordet på gir ulik tyding. Det er forskjell på tydinga om du «tømmer» ut vatn frå ei bøtte, eller du finn «tømmer» i skogen, eller held hesten «i tømme». Det er også forskjell på om du ser på "sola", eller om du bur på Sola.

For ein utlending er det nesten umogleg å høyre forskjell på slike tonem, sjølv om dei har eit førstespråk som har tonem. Vi vil også ha problem når vi skal lære framande språk som bruker ulike tonelag der desse gir ulik tyding.

Tonem finst i fleire språk

I fleire austasiatiske og afrikanske språk er det mange tonem. I kantonesisk, som er ein kinesisk dialekt, skil dei mellom ni forskjellige tonelag. Det er ikkje lett for ein utlending å høyre forskjellen på slike ord, for det kan vere små nyansar som er forskjellen.

Også for kinesarane kan det vere vanskeleg. Ofte viser dei kva dei meiner ved å teikne skriftteiknet i handa. Når eit songkor skal syngje ein song, er det til dels nødvendig at dei les songen for publikum først, før dei syng han, elles kan meininga ofte gå tapt når dei syng, på grunn av melodiføringa.

Høyr Lei Wang Hodneland forklare tonema i kinesisk i NRK-programmet Eides språksjov. Innslaget med Hodneland startar 04:38 ut i programmet: "Språk skaper bråk"

Ofte vil du ut frå samanhengen forstå kva for ord ein person meiner å seie, men feil tonem kan skape pinlege situasjonar. Ein misjonær som skulle be til Gud på mandarinkinesisk, trudde sjølv han sa «Kjære Herre!» Forsamlinga, derimot, høyrde «Kjære gris!». Han hadde brukt feil tonem på ordet «djo». Også andre kinesiske språk, thaispråk og enkelte afrikanske språk er tonespråk.

Sist oppdatert 30.10.2018
Skrive av Øyvind Dahl
Rettshavar: NRK

Læringsressursar

Kva er verbal kommunikasjon?

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar