Hopp til innhald

Fagstoff

Pussy Riot blir straffa for strengt

Pussy Riot
Opne bilete i eit nytt vindauge

Streng straff

Tre av bandmedlemmene vart dømte til to års fengsel for å ha spelt ein låt med sterk kritikk av president Vladimir Putin i ein katedral i Moskva.

Retten såg det som bevist at punkarane forstyrra ro og orden, og at dei var motiverte av religiøst hat da dei syngjande bad jomfru Maria drive Putin ut av presidentkontoret.

– Denne altfor strenge straffa harmonerer dårleg med verdiane som ligg til grunn for europeisk rett og demokrati, sa statsministeren i Tyskland, Angela Merkel, etter at domstolen hadde fastsett straffa.
Ho fekk støtte frå regjeringane både i Noreg og ei lang rad andre vestlege land. Meir overraskande var det kanskje at også dei som var fornærma i saka, den russisk-ortodokse kyrkja, bad om nåde for Pussy Riot.

– Det er viktig å skilje synda frå syndarane, heitte det i kunngjeringa frå kyrkja fredag.

Protestar

Aktor hadde kravd tre års fengsel for kvar av dei tre bandmedlemmene Maria Aljokhina, Jekaterina Samutsevitsj og Nadezjda Tolokonnikova.

Politiet hadde fredag stengt av gatene rundt tinghuset i Moskva, der hundrevis av journalistar hadde møtt fram for å få med seg domfellinga. Politiet arresterte minst 30 tilhengjarar av bandet som demonstrerte utanfor rettslokalet.

Dei tre kvinnene har sete fengsla sidan 21. februar, da dei tok seg inn i Frelsarkatedralen i sentrum av Moskva.
Kledd i fargerike finlandshetter, neonfarga tights og korte skjørt song og dansa jentene i bandet på alteret til dei vart dytta vekk av nokre vakter og nonner. Sju andre bandmedlemmer har gått under jorda.

Angrar ikkje

Same dagen som dommen skulle falle, sa Tolokonnikova til avisa Novaja Gazeta at bandet ikkje angrar på kyrkjestuntet.

– Vi er glade for at vi har vorte episentrumet for ei enorm politisk hending, sa ho og gjorde eit poeng av at dei slettes ikkje har tenkt å be Putin om nåde,

– Putin? Skjemtar du? Så klart vi ikkje skal. Han burde be oss og dykk om nåde sjølv, sa Tolokonnikova.

Motstandarane til presidenten ser på saka som eit ledd i ein breiare offensiv mot den protest- og demokratirørsla som voks fram før vala i Russland tidlegare i år. Mange russiske kunstnarar og intellektuelle har protestert mot at fengslinga av jentene, og advokaten til Pussy Riot har varsla at dei tre bandmedlemmene kjem til å anke dommen.

– Manus frå Kreml

I den vestlege landa har saka ført til at mange har vorte urolege for ytringsfridomen i Russland, og i mange byar frå Sydney til Oslo har det vorte arrangert protestar og demonstrasjonar til støtte for Pussy Riot. Popstjerner som Madonna og Paul McCartney har engasjert seg i saka, og i Oslo demonstrerte medlemmer av menneskerettsorganisasjonen Amnesty International. Den russiske ambassaden fekk 12.500 underskrifter til støtte for Pussy Riot.

– Manuset til denne saka er det maktmenneska i Kreml som har skrive. Det var viktig for dei å statuere eit eksempel, seier leiaren for Amnesty Norge, John Peder Egenæs, til NTB.

Den kanskje mest spektakulære protesten kom i Kiev i Ukraina, der ein av medlemmene i feministgruppa Femen stilte topplaus og saga ned eit stort kors med ein Kristus-figur med motorsag. «Free Riot», stod det over brystet hennar.

CC BY-NC-SASkrive av NTB.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2018

Læringsressursar

Current debates in the English-speaking world